Olav har ordet…

KOM OG HJELP DAMENE!

17:00 3. Div. damer: Florø – NHHI

Florø spelar i ettermiddag nøkkelkamp mot NHHI, og må helst vinne for å komme seg frå botnplassen og ha håp om å redde plassen i 3. Divisjon. Heldigvis er kaptein og veteran Camilla Dybevik Steinhovden tilbake på plass. Ho var med og avgjorde siste gong dei to laga møtest. Då tok ho tak i sluttminutta og laga dei tre siste og avgjerande måla til Florø. Og nettopp erfaring og evne til å dra dei unge lag-venninnene med seg kan verte viktig i kampen mot Handelshøgskulestudentane.
Florø gjekk på eit trist tap mot Stryn sist laurdag. Men mange av same jentene heva seg stort og slo tilbake i dobbelkamp i Bergen i dagen etter, i 16 årsserien.
Den store uvissa er tilstanden til kneet til lag-maskinen Amanda Holmen Eriksen. Amanda har laga nesten halvparten av måla til Florø, heile 24 av dei frå 7 meteren og har med sin store innsatsvilje drege dei andre med seg. Årets andre komet Stine Madsen, har vore sjuk og er også usikker. Ho storspelte, skaut frå alle posisjonar og laga ikkje mindre enn 11 mål i ein av kampane i Bergen sist helg . Heller ikkje den andre veteranen til Florø, Synnøve Domben kan vere med. Trenar Hilmar har derfor henta opp Charlotte Breidvik og Emilie Verhage frå 2. laget som vil gje høgde og styrke til Florø. Begge har vore sentrale på 2. laget. Det vert eit av kampens spenningsmoment å sjå korleis dei tek nivået. Gjer dei det, kan dei viktige for Florø inn mot sluttrundane.

 

Andre kampar i idrettssenteret laurdag:
J 12:
12:00: Florø – Sandane
14:00: Florø 2 – Sandane
Begge Florø-laga har plassert seg høgt i si avdeling, og har Sandane som ein av dei største konkurrentane i kampen om å komme til sluttspelet i Sogn og Fjordane meisterskapet: Fire lag, to frå kvar avdeling skal kjempe om tittelen i finalerunden i Førde i april.

 

J 13:
13:00: Florø – Høyang
15:00: Florø 2 – Høyang
Florøs to lag toppar divisjonen ganske klart. Florø 1 har 24 poeng på 13 kampar medan Florø 2 ligg med 20 poeng på 11 kampar, begge med berre eitt tap før dagens runde. Men Høyang ligg på 3. plass på tabellen og kan vere den store utfordraren.

 

På BORTEBANE:
4. div. herrar:
15:45 laurdag: Bønes – Florø
12:00 søndag: Årstad – Florø
Florøs herrar i 4. divisjon spelar to kampar i Bergen denne helga, mot Bønes laurdag og mot Årstad søndag. Florø ligg på topp og opprykksplass saman med Gneist. Begge med 16 poeng der Gneist har spelt ein kamp meir. Florø skil seg også ut med divisjonens klart beste målforskjell og bør normalt vinne begge kampar og sikre posisjonen som opprykkskandidat. Men Bønes i desperat naud for å unngå nedrykk og Årstad som eitt av beste laga i divisjonen, kan begge overraske.

4. divisjon damer:
13:00: Gloppen – Florø 2
17:00: Eid – Florø2

Begge laurdag. Kampane mot Eid på heimebane med eit særdeles engasjert heimepublikum i ryggen er ofte vanskelege. Så spørs det korleis Florø klarer seg utan to av krumtappane, Charlotte Breidvik og Emilie Verhage som begge er henta opp til 3.divisjonstroppen. Florø ligg på 4. plass på tabellen og kjempar mest med Høyang om 3. plassen. Både Eid på 10. og Gloppen2 på 8. plass, burde normalt borge for Florø-sigrar.

Gutar 14:
13:00: Vikane – Florø
16:00: Eid/Haugen – Florø.
Gutane til Bjørn Wefring har fire poeng på tre kampar og er på 3. plass på tabellen framleis med i kampen om å komme til sluttspelet. Eid/Haugen på 2. Plass har like mange poeng, men litt betre målforskjell. Dette kan verte ein avgjerande kamp for begge laga. Vikane er normalt enkel match for Florø.
Men vi skal aldri seie aldri.

Av Olav Hatlemark, Sportsleg leiar

 

Kampar 26. – 28. januar

Tid Turnering Kampnr Bane Hjemmelag Bortelag
Fredag 26.01.18
18:30 Jenter 15 SF AA1 61241509006 Florø idrettssenter Florø 3 Eid
Lørdag 27.01.18
12:00 Jenter 12 A4 SF 61241204046 Florø idrettssenter Florø Sandane
13:00 Jenter 13 A5 SF 61241309015 Florø idrettssenter Florø 2 Høyang
14:00 Jenter 12 A4 SF 61241204048 Florø idrettssenter Florø 2 Sandane
15:00 Jenter 13 A5 SF 61241309037 Florø idrettssenter Florø Høyang
17:00 3. divisjon Kvinner 618201035 Florø idrettssenter Florø NHHI
Søndag 28.01.18
11:00 Gutter 12 A2 SF 61231202061 Florø idrettssenter Florø Sandane
13:05 Jenter 16 AA1 61241623001 Florø idrettssenter Florø Bønes
14:10 Jenter 14 SF AA 61241410001 Florø idrettssenter Florø Sogndal/Syril
16:05 Jenter 14 SF AA 61241410002 Florø idrettssenter Florø 2 Sogndal/Syril

 

Velkommen til kamphelg i Florø Idrettssenter.

Vi begynner kampane på fredag med J15 Florø 3 som tar imot Eid.

Laurdag er det J12 og J13 som skal kjempe mot Sandane og Høyang.

Våre damer i 3. divisjon møter NHHI som møttes i Lehmkuhlhallen 14. januar i år og Florø vann med 22 mot 19.  Florø ligg i dag på 10. plass, sist i tabellen og NHHI ligg på 8.

Sjå kven som blir banens beste i Florø og NHHI. Vi lodder ut ørret  til publikum. Ørreten er levert av  Svanøy havbruk, Skaar Norway og Svanøy Røykeri.

Sundag er det G12 Florø-Sandane, J16 Florø-Bønes og våre J14 møter Sogndal/Syril.

Kom og støtt alle våre lag. Vi har open kiosk der vi serverer kaffi, frukt og andre godsaker.

Dagbillett: kr 50,-  for vaksne, 19 år og eldre, på alle kampar med lag frå 14 år og oppover.  Alle under 19 år går gratis. Billetten gjeld heile dagen.

Gratis entré for alle på kampar med lag 13 år og yngre.

Med atterhald om eventuelle endringar i tidsskjemaet.

 

Kampar 22. januar

Mandag 22.01.18
19:30 Jenter 15 SF AA1 61241509029 Florø idrettssenter Florø 2 Florø 3

 

Internkamp for J15.

Dagbillett: kr 50,-  for vaksne, 19 år og eldre, på alle kampar med lag frå 14 år og oppover.  Alle under 19 år går gratis. Billetten gjeld heile dagen.

Gratis entré for alle på kampar med lag 13 år og yngre.

Med atterhald om eventuelle endringar i tidsskjemaet.

,

Miniturnering i Florø idrettssenter laurdag 20. januar og sundag 21. januar

I helga er det miniturnering i handball for alle 6 – 9-åringer. Nærare 20 lag  frå heile fylket samlast i Florø idrettssenter for å spela handballkamper.

Både laurdag og søndag er det kiosk i idrettssenteret,  med godt utvalg av sunn og god mat.

Her finn du kampoppsett for LAURDAG.

Her finn du kampoppsett for SUNDAG.

 

Med atterhald om eventuelle endringar i tidsskjemaet.

REMA 1000 HANDBALLSKULE 2018

Handballvenner
Florø SK Handball skal arrangere REMA 1000 handballskule 3 dager i vinterferien frå måndag 19 til onsdag 21 februar frå kl 10.00 til 15.00 for barn mellom 6 (2011) og 11 (2006) år.
Vi vil ha fokus på å rekruttere nye spelarar men tilbudet skal favne både uøvde og øvde spelarar.
ALLE DELTAKARANE FÅR:
– T-skjorte
– Ball
– Lunsj og frukt kvar dag
– Varm lunsj på onsdagen
– Oppfølging av dyktige instruktører mellom 15 og 20 år.
MEIR INFORMASJON HER

Kampar 13. januar og 15. januar 2018

Tid Turnering Kampnr Bane Hjemmelag Bortelag
Lørdag 13.01.18
11:00 Jenter 12 A4 SF 61241204039 Florø idrettssenter Florø 3 Stryn
13:00 Jenter 12 A4 SF 61241204043 Florø idrettssenter Florø 3 Stryn 2
13:55 Gutter 18 Elite 61231801022 Florø idrettssenter Florø 2 Kjøkkelvik 2
15:00 Gutter 14 SF AA1 61231405008 Florø idrettssenter Florø Gloppen
16:10 Gutter 18 Elite 61231801030 Florø idrettssenter Florø 2 Kjøkkelvik
Mandag 15.01.18
19:30 Jenter 14 SF AA 61241410015 Florø idrettssenter Florø Florø 2

Laurdag kjem møter J12 Florø  3 J12 Stryn og Stryn 2. G14 får besøk av Gloppen og G18 Elite spelar mot Kjøkkelvik og Kjøkkelvik 2.

Viss du klikker på “Gutter 18 Elite” så kan du sjå kor dei ligg i tabellen.

Måndag spelar J14 ein intern kamp.

Det blir ei spanande helg og spelarane setter stor pris på publikum, så kom og støtt dei. Vi har open kiosk med kaffi  og annet godt.

Dagbillett: kr 50,-  for vaksne, 19 år og eldre, på alle kampar med lag frå 14 år og oppover.  Alle under 19 år går gratis. Billetten gjeld heile dagen.

Gratis entré for alle på kampar med lag 13 år og yngre.

Med atterhald om eventuelle endringar i tidsskjemaet.

Trening og foredrag med Runar Helland Åmot

Håndballvenner
Fredag 29. desember hadde Runar Helland Åmot først en treningsøkt i hallen med 2002. Det ble en økt med nye øvelser, masse energi og gode råd/instruksjoner. Deretter forflyttet gruppen seg til klasserommet og flere spillere, trenere og foreldre kom til. Runar holdt et foredrag om sin egen “idrettsreise” gjennom oppvekst og idrett i Florø, videre til Sandane og Gloppen HK, flere klubber i Oslo området før han nå spiller for Haslum i eliteserien.

Det var et godt og spennende foredrag om et gutt som satte seg høye mål om som har forfulgt disse gjennom oppturer og nedturer. Runar hadde mange kloke råd å gi men vi festet oss med at et at de viktigste var at: “Håndball måtte være leik og moro”.

Tusen takk til Runar for to gode og spennende økter, godt nytt år og lykke til videre i Haslum. Du gir spillere, trenere og foreldre inspirasjon til å jobbe videre og du er et eksempel på at det er mulig å bli god selv om en kommer fra en liten klubb i Sogn og Fjordane.

Takk også til Olav Hatlemark som organiserte det hele og Cecilia Molander som har tatt de fine bildene.

 

Morten Mortensen, leiar

Kampar 6. – 7. januar 2018

Tid Turnering Kampnr Bane Hjemmelag Bortelag
Lørdag 06.01.18
16:45 4. divisjon Menn 618302023 Florø idrettssenter Florø Bønes
Søndag 07.01.18
10:45 Jenter 12 A4 SF 61241204073 Florø idrettssenter Florø 2 Florø
11:40 Jenter 15 SF AA1 61241509030 Florø idrettssenter Florø Eid
12:55 4. divisjon Menn 618302012 Florø idrettssenter Florø Sotra 2
14:10 Jenter 15 SF AA1 61241509011 Florø idrettssenter Florø 2 Eid
15:15 Jenter 15 SF AA1 61241509007 Florø idrettssenter Florø 3 Jotun/Årdalstangen
16:20 Jenter 16 B3 SF 61241603131 Florø idrettssenter Florø 2 Eid

Laurdag har vi herrene som tar imot Bønes. Florø ligg på 2. plass med 12 poeng, 2 poeng bak Gneist (som har ein kamp meir spelt). Bønes ligg på 6. plass med 6 poeng. Herrene spelar ein kamp til sundag, då mot Sotra 2. Sotra 2 ligg på 8. plass med 5 poeng. Skal våre herrer ta full pott, 4 poeng, og trone på 1. plass etter helga? Kom og støtte dei til seier!

Sundag spelar J12 ein intern kamp, J15 tar imot Eid og Jotun og J16 møter Eid.

Det blir ein spanande helg og spelarane setter stor pris på publikum, så kom og støtt dei. Vi har open kiosk med kaffi  og annet godt.

Dagbillett: kr 50,-  for vaksne, 19 år og eldre, på alle kampar med lag frå 14 år og oppover.  Alle under 19 år går gratis. Billetten gjeld heile dagen.

Gratis entré for alle på kampar med lag 13 år og yngre.

Med atterhald om eventuelle endringar i tidsskjemaet.