Helga 26. – 27. mai arrangerte Norges håndballforbund fylkesmeisterskapen i beachhandball og i Sogn og Fjordane var Florø SK Handball verter. Det var utrulig kjekt å vere vert og i følge mange spelarar, var det ein suksess.

Fredagkveld hadde dommarane kurs i beachhandball. Kursleiar og eliteseriedommar, Charles Whiteley,  instruerte på ein veldig god og morsom måte korleis reglane i beachhandball er. Morosam var han også på sandbanene laurdag til alles glede. Å vere dommar i beachhandball betyr ikkje berre å vere rettferdig, men og å by på seg sjølv – veldig mykje. Etter kvar skåring som spelarane gjorde etter at dei hadde slått hjul, stupa kråke eller noko anna kunststykke, som gjev 2 poeng, skal dommaren og gjere ein “akrobatisk” bevegelse. Artig og mykje underhaldande.

Anbefaler alle som har høve til å sjå ein beachhandballkamp i sommar, å gjere det. Vi håper å få til fleire småturneringar her i Florø i år.

Blir du med?