I romjula har vi 3 ulike arrangement i Florø Idrettssenter:

Romjulsmoro for 7-10 år

Onsdag 27.desember kl.: 11:00-14:00
Leik og handballmoro med fleire stasjonar.
Ansvarleg Ole Bernt Solheim og 15-årsgruppa.
Påmelding til: cupinfo@florohandball.no eller via Facebook innan 22.12. Gratis deltaking.  Enkel servering..

Romjulscup for 11-14 år

Onsdag 27. desember kl 14:30 – 18:30.
Uhøgtidleg cup. Påmelding innan 20. desember til: cupinfo@florohandball.no  og via trenarane eller her på Facebook. Kiosk med varm og kald mat frå 14:00 til arrangementet er ferdig.
Påmelding 50 kroner per spelar, skal betalast på førehand til konto 3775 20 15946 .
Merk med lag, alder og namn. Max 10 spelarar pr lag. Cupen vert delt i fleire klasser alt etter kor mange som melder seg på.

Romjulscup for 15 år og oppover

Torsdag 28/12 frå klokka 15:00 til 22:00.
Uhøgtidleg cup for vennelag, med spelarar over 15 år. Dame og herreklasse. Mixa lag stiller i herreklasse.

Kiosk med varm og kald mat.

Påmelding av lag med namneliste over spelarar (det siste kan supplerast heilt fram til cupen startar) til: cupinfo@florohandball.no  eller til jonasfryen@gmail.com eller på Facebook-sida for arrangementet.

Påmeldingsavgift er 100 kroner per spelar. Skal betalast inn på førehand til konto nr 3775 20 15946 . Hugs å merke med lagets og ditt namn.

Evt spørsmål til Jonas (948 53 797) eller Viljar (918 87 536)
POC for arrangementet er Jonas Frøyen.

Ta med familien, nabolaget, kollegaer, skulekamerater eller dei du speler i lag med “til kvardags”.

Alle er velkomne til å melde på lag.

Lenkje til hendinga på facebook: ROMJULSCUP 2017

 

Til arrangement