Innlegg

Kampar 3. – 4. mars

Lørdag 03.03.18
11:00 Jenter 10 A3 SF 61041003240 Florø idrettssenter Førde Gaular IL 2
11:40 Jenter 10 A3 SF 61041003193 Florø idrettssenter Florø 2 Gaular
12:20 Jenter 10 A3 SF 61041003112 Florø idrettssenter Florø Dale
13:00 Jenter 10 A3 SF 61041003241 Florø idrettssenter Florø 2 Gaular IL 2
13:40 Jenter 10 A3 SF 61041003195 Florø idrettssenter Førde Dale
14:20 Jenter 10 A3 SF 61041003242 Florø idrettssenter Florø Gaular
17:00 4. divisjon Menn 618302073 Florø idrettssenter Florø Gneist
Søndag 04.03.18
11:00 Gutter 14 SF AA1 61231405026 Florø idrettssenter Florø Eid/Haugen
11:55 Jenter 15 SF AA1 61241509007 Florø idrettssenter Florø 3 Jotun/Årdalstangen
14:00 Jenter 13 A5 SF 61241309050 Florø idrettssenter Florø 2 Dale

Våre unge, lovende 10-åringer har fleire kampar laurdag.

Herrene har sin siste heimekamp laurdag kl 17. Dei møter Gneist som ligg på 2. plass i tabellen med 3 poeng mindre enn Florø. Florø har spelt 1 kamp meir. Det blir ein kjempespanende kamp.

Sundag er det kampar med G14, J15 og J13.

Kom og støtt alle våre lag. Vi har open kiosk der vi serverer kaffi, frukt og andre godsaker.

Dagbillett: kr 50,-  for vaksne, 19 år og eldre, på alle kampar med lag frå 14 år og oppover.  Alle under 19 år går gratis. Billetten gjeld heile dagen.

Gratis entré for alle på kampar med lag 13 år og yngre.

Med atterhald om eventuelle endringar i tidsskjemaet.

Lerøyserien runde 3 på heimebana

24. – 25. februar er det handballfest i Florø idrettssenter. Då arrangerer Florø SK Handball kampane til runde 3 i Lerøyserien 2017/2018, ei riksdekkjande turnering med landets beste 18-åringar. Hausten 2017 spela 41 lag kvalifiseringsrunder og 16 lag gjekk videre. Vi er stolte over at Florø var eit av dei laga som greidde å kvalifisere seg. Det er ikkje berre Florøgutar i laget vårt. Florø har eit godt sportsleg samarbeid med klubbane frå Eid, Viking og Gloppen.

Her er heile stallen:

Terence Leftwich, Eid,  Adrian Hanebrekke, Eid,  Tarjei Vereide, Gloppen,  Robart S.Jansen, Viking,  Lars Henrik Hygen, Viking,  Mathias Malmo, Viking,  Bjørn Mathiassen, Viking,  Ulrik Erikson, Viking,  Agash Puthi, Florø,  Viljar Ødelien, Florø,  Jonas Frøyen, Florø,  Håkon Strømmen, Florø,  Thomas Berhane, Florø,  Anders Strømmen, Florø,  Leander Humlestøl, Florø,  Jakob Aven, Florø.

Thor-Martin S. Jansen, Viking,  Andreas Jacobsen, Viking og Tobias Jetmundsen, Viking var med på kvalifiseringsrundene.

Det er 16 lag som er med (sjå tabell nede).

Kampane er fordelt over 2 dager.

Billettpris voksne frå 18 år og eldre:  kr 100,- for laurdag og heile helga (laurdag og sundag) og sundag kr 50,- for heile dagen. 17 år og yngre går gratis.

 

Tid Turnering Kampnr Bane Hjemmelag Bortelag
Lørdag 24.02.18
12:00 Lerøyserien Gutter 18 99031803067 Florø idrettssenter Florø Konnerud
13:30 Lerøyserien Gutter 18 99031803068 Florø idrettssenter Bækkelaget FyllingenBergen
16:30 Lerøyserien Gutter 18 99031803069 Florø idrettssenter Konnerud Bækkelaget
18:00 Lerøyserien Gutter 18 99031803070 Florø idrettssenter Florø FyllingenBergen
Søndag 25.02.18
10:00 Lerøyserien Gutter 18 99031803071 Florø idrettssenter FyllingenBergen Konnerud
11:30 Lerøyserien Gutter 18 99031803072 Florø idrettssenter Bækkelaget Florø

Ta med slekt og venner og sjå flotte kampar med landets beste 18-åringar. Ope kiosk med kaffi og annet sunt og godt.

 

HEIA FLORØ!

Nr Lag K V U T Mål P LS
1 Sandefjord Håndball 6 6 0 0 165 – 116 12
2 Bækkelaget 6 6 0 0 167 – 119 12
3 Nærbø 6 5 0 1 181 – 148 10
4 Haslum HK 6 5 0 1 141 – 127 10
5 Herkules 6 4 0 2 135 – 127 8
6 Elverum 6 4 0 2 134 – 138 8
7 Nøtterøy Håndball 6 3 0 3 138 – 128 6
8 HK-72 Sande 6 3 0 3 126 – 122 6
9 Ski 6 2 1 3 139 – 135 5
10 Randesund 6 2 0 4 139 – 146 4
11 Konnerud 6 2 0 4 127 – 142 4
12 Florø 6 1 1 4 148 – 160 3
13 FyllingenBergen 6 1 1 4 127 – 145 3
14 Viking HK 6 1 1 4 140 – 156 3
15 Sverresborg 6 1 0 5 131 – 165 2
16 Bodø 6 0 0 6 123 – 187 0

Kampene siste runde vil bli satt på riktig dato og tid når 4. runde er ferdigspilt. Alle lag må påregne kamptid fra lørdag morgen kl 09:00 til søndag til 17:00.

Olav har ordet…

KOM OG HJELP DAMENE!

17:00 3. Div. damer: Florø – NHHI

Florø spelar i ettermiddag nøkkelkamp mot NHHI, og må helst vinne for å komme seg frå botnplassen og ha håp om å redde plassen i 3. Divisjon. Heldigvis er kaptein og veteran Camilla Dybevik Steinhovden tilbake på plass. Ho var med og avgjorde siste gong dei to laga møtest. Då tok ho tak i sluttminutta og laga dei tre siste og avgjerande måla til Florø. Og nettopp erfaring og evne til å dra dei unge lag-venninnene med seg kan verte viktig i kampen mot Handelshøgskulestudentane.
Florø gjekk på eit trist tap mot Stryn sist laurdag. Men mange av same jentene heva seg stort og slo tilbake i dobbelkamp i Bergen i dagen etter, i 16 årsserien.
Den store uvissa er tilstanden til kneet til lag-maskinen Amanda Holmen Eriksen. Amanda har laga nesten halvparten av måla til Florø, heile 24 av dei frå 7 meteren og har med sin store innsatsvilje drege dei andre med seg. Årets andre komet Stine Madsen, har vore sjuk og er også usikker. Ho storspelte, skaut frå alle posisjonar og laga ikkje mindre enn 11 mål i ein av kampane i Bergen sist helg . Heller ikkje den andre veteranen til Florø, Synnøve Domben kan vere med. Trenar Hilmar har derfor henta opp Charlotte Breidvik og Emilie Verhage frå 2. laget som vil gje høgde og styrke til Florø. Begge har vore sentrale på 2. laget. Det vert eit av kampens spenningsmoment å sjå korleis dei tek nivået. Gjer dei det, kan dei viktige for Florø inn mot sluttrundane.

 

Andre kampar i idrettssenteret laurdag:
J 12:
12:00: Florø – Sandane
14:00: Florø 2 – Sandane
Begge Florø-laga har plassert seg høgt i si avdeling, og har Sandane som ein av dei største konkurrentane i kampen om å komme til sluttspelet i Sogn og Fjordane meisterskapet: Fire lag, to frå kvar avdeling skal kjempe om tittelen i finalerunden i Førde i april.

 

J 13:
13:00: Florø – Høyang
15:00: Florø 2 – Høyang
Florøs to lag toppar divisjonen ganske klart. Florø 1 har 24 poeng på 13 kampar medan Florø 2 ligg med 20 poeng på 11 kampar, begge med berre eitt tap før dagens runde. Men Høyang ligg på 3. plass på tabellen og kan vere den store utfordraren.

 

På BORTEBANE:
4. div. herrar:
15:45 laurdag: Bønes – Florø
12:00 søndag: Årstad – Florø
Florøs herrar i 4. divisjon spelar to kampar i Bergen denne helga, mot Bønes laurdag og mot Årstad søndag. Florø ligg på topp og opprykksplass saman med Gneist. Begge med 16 poeng der Gneist har spelt ein kamp meir. Florø skil seg også ut med divisjonens klart beste målforskjell og bør normalt vinne begge kampar og sikre posisjonen som opprykkskandidat. Men Bønes i desperat naud for å unngå nedrykk og Årstad som eitt av beste laga i divisjonen, kan begge overraske.

4. divisjon damer:
13:00: Gloppen – Florø 2
17:00: Eid – Florø2

Begge laurdag. Kampane mot Eid på heimebane med eit særdeles engasjert heimepublikum i ryggen er ofte vanskelege. Så spørs det korleis Florø klarer seg utan to av krumtappane, Charlotte Breidvik og Emilie Verhage som begge er henta opp til 3.divisjonstroppen. Florø ligg på 4. plass på tabellen og kjempar mest med Høyang om 3. plassen. Både Eid på 10. og Gloppen2 på 8. plass, burde normalt borge for Florø-sigrar.

Gutar 14:
13:00: Vikane – Florø
16:00: Eid/Haugen – Florø.
Gutane til Bjørn Wefring har fire poeng på tre kampar og er på 3. plass på tabellen framleis med i kampen om å komme til sluttspelet. Eid/Haugen på 2. Plass har like mange poeng, men litt betre målforskjell. Dette kan verte ein avgjerande kamp for begge laga. Vikane er normalt enkel match for Florø.
Men vi skal aldri seie aldri.

Av Olav Hatlemark, Sportsleg leiar

 

Velkommen til Vestkyst Cup 2018

FLORØ SK HANDBALL INVITERER TIL VESTKYSTCUP 2018

HANDBALLTURNERING FOR JENTER OG GUTTER 10 –16 ÅR + DAMER, HERRER & HU-LAG

PÅMELDING

All påmelding skjer på nett: https://www.profixio.com/reg/vestkystcup-2018

KONTAKT

Påmeldingsfrist er 4. april 2018. Frist for registrering av spillere er 26. april 2018 Om du har spørsmål, ta kontakt med Trine Vokuhl Havn på tlf. 917 42 035 eller pr. mail til: floroskh@gmail.com

PÅMELDINGSAVGIFT

Kr. 1200 pr. lag. Hvert 3. lag fra en klubb går gratis ved påmelding/betaling før 31. januar 2018.

KLASSER

  • Jenter/Gutter 10 – født 2008
  • Jenter/Gutter 11 – født 2007
  • Jenter/Gutter 12 – født 2006
  • Jenter/Gutter 13 – født 2005
  • Jenter/Gutter 14 – født 2004
  • Jenter/Gutter 15 – født 2003
  • Jenter/Gutter 16 – født 2002
  • Senior Damer/Herrer
  • HU-lag

AKTIVITETER I FLORØ

Deltakerkort

A-kort (Kr. 900) To overnattinger, kveldsmat fredag, frokost og middag lørdag, frokost og lunsj søndag, diskotek lørdag. T-skjorte er inkludert i prisen!

B-kort (Kr. 700) En overnatting, middag lørdag, frokost og lunsj søndag, diskotek lørdag. T-skjorte er inkludert i prisen!

C-kort (Kr. 300) Diskotek lørdag. T-skjorte er inkludert i prisen!

Alle deltakere må ha enten A, B eller C-kort. En leder pr. lag går gratis.

SPILLESYSTEM

Planlagt spilletid pr. kamp: 10 – 11 år 1×15 min., 12-16 år + HU-lag: 1×20 min. Senior damer/herrer: 2×20 min. Puljer à 4 lag, de to beste lagene går til A-sluttspill, de andre spiller plasseringskamper. Alle lag garanteres 4 kamper. Pokaler til vinnere i A-sluttspillet i hver klasse.

 

Last ned PDF her:

Vestkystcup 2018

VELKOMMEN! 🙂