Viktig kamp mot Sogndal

av Olav Hatlemark, SU-leiar

Herrane til Elisabeth møter i dag Sogndal i FIS, eit møte som kan verte avgjerande for å unngå den utsette siste-plassen i herreserien. 

Så her treng vi god hjelp av heimepublikumet.
Begge har fire poeng i ein divisjon som har vore prega av jamne lag og jamne kampar. Florø ligg på 8.plass med betre målforskjell. Sogndal på 9.
Sogndal har vist styrke med å slå både Gloppen og NHHI – to lag Florø har måtta gje tapt for. Men Florø har vore nære på i dei aller fleste kampane sine, og har vist stigande form, med siger over Sotra 2 og ei knapt tap for Os i førre runde. 
I dag er både Jonas og Magnus tilbake. Trenar Hakon er i troppen. Og basketballspelar og eikefjording Sondre Nybø på 195 cm, er klar til å debutere i 3. divisjon på streken, ein posisjon han vil dele med Sivert (Andersen) i Berlin-fråveret til Viljar Ødelien. Nybøen har teke store steg på handballbana etter å ha spelt kampar med 5 divisjonslaget. Florø kan og stille med to målvakter. Både Axel Gjørøy og Roger Norddal er klare til å vakte buret.
– Eg ventar ein jamn kamp. Sogndal er eit godt lag, seier trenar Aven.

Laurdagen er elles 12 års-laga til Florø sin dag i idrettssenteret, med kampar 11:50, 15:00 og 16:00. Gutar 16 til Florø spelar mot Gloppen 2, eitt av topplaga i G16-serien. Her har Florø sjanse til å klatre litt oppover på tabellen.

Jenter 15-laget
til Kari spelar Florøs einaste bortekamp laurdag mot Aurland. Det er ein kamp Florø normalt bør vinne. Florø ligg på 2. plass etter snart halvspelt serie og har berre tapt ein kamp så langt. Det var mot serieleiar Dale. 

SØNDAG
Berre J 13 av Florøs lag spelar kamp søndag. Kampen går på bortebane mot Førde. Florø har vore temmeleg suverene i denne årgangen. Florø-laga til Kjell og co toppar begge dei to avdelingane for 13-åringane i fylket.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *