Idrettshallane opnar i Florø

Mandag 18. mai kan vi starte å trene att i idrettssenteret. Vilkåret er at vi kjenner og følgjer prinsippa som gjeld for å unngå corona-smitte under trening i handball-hall. Sjå og lær rettleiaren lenger nede!

Merk dykk forslaget til nye treningstider. Om tida de har fått ikkje passar gje meg beskjed snarast. Grunna vedlikehaldsarbeid i senteret vil de truleg måtte bruke inngangen ved løpebana. Vi skal prøve å få aktivert tilgangskorta til ein trenar for kvart lag til måndag

Førebels opnar vi berre for trening ned til og med neste sesongs 12-årsklasse, og for dei gruppene som har sagt ifrå om at dei vil begynne å trene.

Hovudtrenaren for årgangen har ansvaret for at reglane vert følgt opp! Her er nokre hovudpunkt i rettleiinga som gjeld handball i hall.

– Alle må respektere ein-metersregelen.

– Hald god handhygiene spesielt før de går inn i hallen, og etter trening. Her gjeld god handvask eller antibac. Det same gjeld ved skifte av aktivitet, før og etter bruk av fellesutstyr, etter besøk på toalettet og etter at du hostar eller nys. Klubben syter for at antibac vert tilgjengeleg ved strategiske punkt i idrettssenteret.

– Maks tal på personar i hallen/salen er 20 medrekna trenar, men de kan vere fleire om de deler av ein sal i hallen og trenar som to ulike grupper med maks 20 i kvar. Det er då eit vilkår at dei to gruppene kjem på treninga og går derifrå på ei litt ulike tidspunkt.

– Det er ikkje tilgang til garderobane, unntak er bruk av toalett i garderobe.

– Det er ikkje tilgang til styrkerom.

– Kom presis og gå derifrå straks treninga er over.

– Spelarane kan no kaste ball til kvarandre, men ballen må vaskast med såpe etter bruk. Løyvet føreset god handhygiene.

– Det er lov å bruke laust utstyr, som med ball føreset bruken god handhygiene.

– Det er førebels ikkje lov med klister i våre hallar.

– Er du sjuk held du deg heim. Om du utviklar sjukdom på trening går du heim så fort råd er.

– Unngå trengsel og køar på treninga. Bruk gjerne markeringstape for å vise meteravstanden på øvingar der dette er råd.

 

Olav Hatlemark, leiar Sportsleg utval Florø SK Handball

RETTLEIINGA CORONATILTAK SOM PDF-FIL

Med atterhald om trykkfeil