I helga var 11 trenarar samla til kurs trener 1, modulane 9, 10 og 12. Fin blanding av gamle og nye trenar, der nokon avslutta trenar 1 utdanninga si, medan andre begynte. Veldig kjekt med fleire trenarar som kjem frå vår foreldregruppe, og som ikkje har erfaring med handball frå før. Det er ingen føresetnad for å bli trenar å ha drive med handball! Skal vi lukkast med å rekruttere nok trenarar, er vi heilt avhengig av at fleire foreldre hiv seg med. Vi er og avhengig av at yngre spelarar tar trenarutdanning, så flott at fleire av deltakarane var frå denne gruppa.

Stor takk til instruktørane Gitte Torp og Øyvind Vraalsen for solid rettleiing og inspirerande innspel. Takk og til dei to «markørlaga» vi brukte, jenter 13 og jenter 14.

Nye rundar med kurs, då modul 1-4, vil bli satt opp rett over påske. Håpar på mange deltakarar då og! Utdanning av trenarar er truleg det viktigaste vi gjer, og vi er heilt avhengig av at mange stiller opp slik at vi i neste omgang kan gi våre spelarar den beste instruksjonen av kvalifiserte trenarar. Det fortener dei!

Øyvind Østrem, utdanningskoordinator, Florø SK Handball

Foto: Cecilia Molander, Cecilia Photography
Alle bilete er kopibeskyttet