Florø SK Handball får tidleg julegåve

I Kinn kommune er det mange som deltek i fritidsaktiviteter som fotball, turn, friidrett og handball. Ei utfordring er at halltid for alle.  Florø Sk Handball søkte derfor støtte hos Sparebanken Sogn og Fjordane, vår største sponsor.  Handballen ynskjer å kjøpe eit mobilt sportsgolv som vi kan bruke når vi treng meir plass enn det vi har på dagens flater.  Eit mobilt sportsgolv er ei fleirbruksflate som vert lagt på kunstgraset i fotballhallen (i Florø Idrettssenter) og kan brukast til fleire hallsporter.

Vi vart utrulig glade og takknemlige då vi fekk meldinga at Sparebanken Sogn og Fjordane hadde innvilga vår søknad.  Banksjef Ole Aukland kom til Florø Idretttsenter i går og leverte ein stor sjekk på heile Kr. 100.000

“Det er eit veldig godt prosjekt som handballen har søkt på her, derfor har vi tildelt kr. 100.000” sa Ole Aukland.  Videre sa han at det handler om å utnytte hallkapasiteten, og at det er grunnprinsippet for tildelinga til prosjektet. Ved å dele større baner i mindre eininger får ein utnytta hallkapasiteten, noke som gir auka tilbod, spesielt for dei yngste. Han sa og at han har stor tru på prosjektet skal komme i mål fordi “handballen leverer alltid”,

Florø Sk Handball takker hjartelig Sparebanken Sogn og Fjordane for støtta.

 

Jorunn Farsund, kasserer i Florø SK Handball