Hugs å betale handball-lisensen

Alle spelarar og dommarar som deltar i organisert handballaktivitet løyse lisens frå og med det kalenderåret dei fyller 13 år.

Fristen for å betale lisens for dei som fyller 13 år 2019, er 1. januar 2019. Det er viktig at de leser igjennom informasjonen om lisens og den finn du i lenkja under.

INFORMASJON OM LISENSEN FINN DU HER.

 

Miniturnering i Florø idrettssenter 10. november – 11. november 2018

Florø SK Handball arrangerer miniturnering for barn mellom 6 til 9 år for alle klubber i Sone 2 (Sunnfjord).

Ca 36 kamper laurdag i Florø idrettssenter  (11:00 til 17:00) og ca 25 kamper sundag på Florø idrettssenter (1100 til 17:00).

Ingenting er kjekkere enn å oppleve gleden og ferdighetene som disse barna viser både på bana, tribuna og i hallen for øvrig. Vi har open kiosk med mykje god og sunn mat. Gratis adgang, vel møtt.

Her er meir informasjon: Miniturnering

Fart mot muskler i 3. divisjon

Søndag i FIS; 3. div herrar;: Florø- Gloppen:
To “eldre handball-kjemper” kan I dag redde æra for Florø i helgas store kamp i FIS, nabo-oppgjeret mot Gloppen.
Kampen kan gje eit første mål på kor greitt det kan gå for Florø utan midt og storskorar Jakob Aven og strek og forsvarskjempe Viljar Ødelien med på laget.
Jakob har allereie debutert og skora i 2. divisjon med sitt nye lag Viking i Bergen, medan Viljar går på språkurs i Berlin. I tillegg er Jonas Frøyen skadd, og heller ikkje Anders Strømmen eller Joakim Espeseth kan spele.

Men trenar Elisabeth Aven, har likvel trua.
– Vi har over 20 på trening og gutane har teke store steg. Eg ventar at andre som Håkon Strømmen og Terrence Leftewich no vil ta meir ansvar, seier Aven.
Dessutan vil den gamle lynvingen Dag Frøyen (46) få sin årsdebut på 3. divisjonslaget. I tillegg melde tidlegare Gloppen-målvakt Roger Nordal (39), Florø-gut god som nokon, overgang til Florø denne veka. Han har med mykje erfaring frå spel i høgare divisjonar og kan kome til å frustrere gamle lagkameratar frå Nordfjord-bygda. Elles stiller Florø med eit veldig ungt lag.

Florø og Gloppen er to lag som kjenner kvarandre veldig godt. Med meir rutine er Gloppen ein liten favoritt. Men Florø kan overraske. Og årets 3. divisjon ser ut til å verte ein serie der alle kan slå alle.
Florø ligg på ein niande plass i 3. div. i Vestlandsserien med to poeng etter tre kampar, Gloppen er på femteplass med tre poeng etter fire kampar. Her kan vi vente fart mot musklar.

SØNDAG 21. spelar og begge 12 årsgutelaga til Florø dobbelkampar i FIS frå 11:00 og utover mot Sandane 1 og Sandane 2.
Dag får såleis fire kampar som lagleiar for 12 årsgutane før han skal utpå golvet sjølv når herrane tek over med kampen mot Gloppen klokka  16:00.

På bortebane spelar Florø 1  J13 to kampar mot Stryn 1 og 2.
J15 møter Eid, medan Florø 1 G16 har to kampar i Dale.

Olav Hatlemark, SU-leiar

,

Kampar 20. og 21. oktober 2018

Lørdag 20.10.18
11:00 4.divisjon Kvinner 02 61820202002 Florø idrettssenter Florø 2 Sogndal 2
13:30 4.divisjon Kvinner 02 61820202011 Florø idrettssenter Florø Sogndal 2
15:40 Jenter 18 Elite – SF 6124182012 Florø idrettssenter Florø Sportsklubb 2 Florø Sportsklubb
Søndag 21.10.18
11:00 Gutter 12, A03 SF 61231203011 Florø idrettssenter Florø Sandane 2
12:00 Gutter 12, A03 SF 61231203012 Florø idrettssenter Florø 2 Sandane
14:00 Gutter 12, A03 SF 61231203030 Florø idrettssenter Florø 2 Sandane 2
15:00 Gutter 12, A03 SF 61231203042 Florø idrettssenter Florø Sandane
16:00 3.divisjon Menn 61830101063 Florø idrettssenter Florø Gloppen

 

Våre 2 damelag spelar laurdag mot Sogndal 2. Florø 2 begynner sin kamp kl 11:00 og Florø 1 kl. 13:30.

Begge laga vann mot Syril sist heime og Florø 2 vann mot Sogndal 2 borte. Florø 1 har spela 2 kampar og vunne begge, og Florø 2 har spela 4 kampar, vunne 3 og tapt 1, så vi har 2 sterke lag på heimebane i helga.

SERIETABELL DAMER DIV 4

Vi har og ein intern J18 Elite-kamp laurdag.

Sundag er det 4 stk  G12-kampar før våre 3. divisjonsherrer møter Gloppen. Gloppen ligg på 5. plass og Florø på 9. plass i serietabellen, men det er små marginer, berre 1 poeng i forskjell. Gloppen har og spela ein kamp meir enn Florø.

SERIETABELL HERRER DIV 3

På seniorkampane – damer og herrer – blir det utlodding av røykt ørret frå Svanøy Røykeri As  – eit godt bidrag til helgekosen!

Kortreist, førsteklasses ørret frå Svanøy Havbruk AS, Skaar Norway AS og Svanøy Røykeri AS

Kom og fyll tribuna med folk og gje din støtte til våre lag!

Billettpris:

Vaksne, frå 19 år     kr 60,-

18 år og yngre         Gratis

NB! G12-kampane har gratis inngang for alle.

Betaling for billettane kan vippses før kampen til nr: 133871 (Florø SK Handball – billetter) Vis kvitteringen ved inngang.

Open kiosk med kaffi og annet sunt og godt.

Velkommen!

STOLT OG KRY, HEIA FLORØ!

“Framleis kortaste veg til ein god handel.”

Dag Frøyen i Firdaposten  har i dag skrive ein flott artikkel om avtalen mellom Florø SK Handball og Intersport Florø  AS.

Man må ha abonnement for å lese artikkelen.

Florø SK Handball inngår avtale med Intersport Florø AS

Signering av avtale mellom Florø SK Handball og Intersport Florø AS: Jorunn Farsund, nestleiar Florø SK Handball og Evy Støylen, Intersport Florø AS.
Foto: Cecilia Molander

Florø SK Handball og Intersport Florø AS har inngått ein sponsoravtale på 4 år. Det betyr m.a. at Intersport Florø AS leverer alt av bekledning og medisinsk utstyr for handballen i Florø.

Vi ser fram imot eit godt samarbeid og vi starter det med “Klubbhelg hos Intersport” no i helga 18. – 20. oktober, der dei har flotte tilbud til medlemmane i Florø SK Handball.

Velkommen inn!

 

Haustferie og handballskule

No begynner haustferien og vi ynskjer velkommen til handballskulen måndag 8. oktober  kl 09:00. Det kjem til å bli ei veke med fylt med leik og moro, og dei får lære seg handballteknikk av våre dyktige instruktører.

 

Til alle andre vil vi ynskje ein riktig fin og hyggeleg haustferie og velkommen på handballkamp igjen 20. oktober i Florø idrettssenter, då spelar våre 2 damelag, J18 og herre 5. divisjon kampar.

,

Kampar 2. oktober og 3. oktober 2018

Tirsdag 02.10.18
18:30 Jenter 16, A04 SF 6124164017 Florø idrettssenter Florø 2 Førde
Onsdag 03.10.18
19:00 Gutter 16, A02 SF 6123162020 Florø idrettssenter Florø Florø 2

J16 møter Førde tysdagkveld og G16 har ein internkamp onsdagkveld.

Billettpris:

Vaksne, frå 19 år     kr 60,-

18 år og yngre         Gratis

Betaling for billettane kan vippses før kampen til nr: 133871 (Florø SK Handball – billetter) Vis kvitteringen ved inngang.

Open kiosk med kaffi og annet sunt og godt.

Velkommen!

,

Kampar 29. – 30. september 2018

Tid Turnering Kampnr Bane Hjemmelag Bortelag
Lørdag 29.09.18
11:40 Jenter 13, A05 SF 61241305048 Florø idrettssenter Florø Sogndal
14:00 Jenter 13, A05 SF 61241305003 Florø idrettssenter Florø Sogndal 2
Søndag 30.09.18
15:00 Gutter 16, A02 SF 6123162022 Florø idrettssenter Florø 2 Eid/Haugen
17:30 Gutter 16, A02 SF 6123162078 Florø idrettssenter Florø 2 Eid/Haugen

 

I helga spelar J13 mot Sogndal 1 og Sogndal 2 og G16 møter Eid/Haugen

 

Kom og gje din støtte!

Billettpris for kampar 16-årslag og eldre:

Vaksne, frå 19 år     kr 60,-

18 år og yngre         Gratis

NB! G14-kampen har gratis inngang for alle.

Betaling for billettane kan vippses før kampen til nr: 133871 (Florø SK Handball – billetter) Vis kvitteringen ved inngang.

Open kiosk med kaffi og annet sunt og godt.

Velkommen!

Møter sterk motstand

Runden 21-27.09
3. divisjon herrar: Florø – BI, fredag 20:15

Herrane er også denne helga først ut med fredagskamp i Florø idrettssenter i dag. BI (Bergen studentidrettslag) er eit nytt lag som skal vere veldig bra.
– Vi får brynt oss i dag. BI er eit av dei tøffaste laga vi møter. Det ser ut til å verte ein jamn 3. divisjon med mange gode lag. Det er mot slike vi vert betre, seier trenar Elisabeth Aven. Ho rapporterer om gode treningar og god hjelp av hovudtrenar Hákon Hermannsson Bridde. Men denne gongen må dei klare seg utan linjespelar – Viljar Ødelien som har flytta til Berlin for å lære tysk. Anders Strømmen og Joakim Espeseth kjem heim frå Ålesund. Jonas Frøyen har framleis vondt i ankelen. Han blir med på benken. Men det er tvilsamt om dei tek sjansen å sende han utpå.

Her må vi tru at Florø må hente ut sitt beste for å ta poenga. Florø kom bra ut sist helg, og leia med sju mål før BSI fekk opp dampen i første kamp. Helga enda med tap for BSI, men ein komfortabel siger over Sotra og dermed to poeng i debuten i 3. divisjon. (bilde: Time out i fjor, foto: Olav Hatlemark)

FIRE DAMEKAMPAR:

Begge damelaga til Florø har heimekampar denne helga, Florø 2 jamvel heile 3 kampar. Begge spelar mot Syril laurdag, høvesvis klokka 12:30 og 15:15. Syril er venta som eitt av dei betre laga i divisjonen. For Florø 1 vil likevel alt anna enn ein klar siger likevel vere ein nedtur etter storsigeren over Skavøypoll 42-12 i årets første kamp og klare ambisjonar om opprykk. Florø 2 skal møte både Syril og Sogndal 1 og Sogndal 2. Dei to siste går i Sogndal 11:00 og 14:20 søndag. Der kan vi og få eit mål på kor gode Sogndal er. Sogndal er i utgangspunktet sett på som Florøs største rival opp opprykket til 3. divisjon.

Laurdagen har også 16 årslaget til Florø heimekamp mot Gloppen klokka 14:00.
Jenter 13 og jenter 14 har bortekampar mot høvesvis Stryn og Aurland.
I tillegg spelar Florø United gullrunde med ikkje mindre enn fire kampar i Skavøyoll

ANDRE SØNDAGSKAMPAR
G 14 har kamp mot Bremanger i FIS søndag, mot Bremanger 11:50. Florø gutar 16 spelar heime mot Gloppen (13:00) , Florø 2 klokka 15:50.

Olav Hatlemark, SU-leiar