VELKOMMEN TIL VESTKYSTCUP 2022
Program og informasjon
Florø SK handball ønsker velkommen til Vestkystcup i Florø fredag 7. oktober til sundag 9. oktober.
Turneringa samlar i år 71 lag, frå 22 klubbar.
Fair Play under turneringa er viktig for oss. Det handlar om å vise respekt for medspelar, motspelar, trenar og dommar, både på og utanfor bana. I løpet av turneringa vil vi ha ei kåring av det laget som viser dei beste haldningane.
Vi vil rette ei spesiell takk til alle frivillige, foreldre og sponsorar som før og under turneringa legg ned ein stor innsats, for å legge forholda til alle deltakarane best mogleg til rette under Vestkystcup 2022.
Ansvarlege for Vestkystcup 2022 er:
Morten Mortensen | Leiar | 916 30 671 |
Monica Bøhmer | Hovudsekretariat | 908 37 323 |
Annbjørg Hestdal | Hovudsekretariat | 913 00 107 |
Nina Steindal | Overnatting | 996 35 363 |
Kristin Orre | Banesekretariat | 990 20 161 |
Monica Bøhmer | Kampoppsett | 908 37 323 |
Elisabeth B Nygaard | Dommaransvarleg | 959 66 535 |
Olav Hatlemark | Sportsansvarleg | 415 50 305 |
Rune Grimstad | Reinhald | 994 47 742 |
Olav Kvalvik | Vakt | 917 38 802 |
Ann-Kristin Førde | Førstehjelpsansvarleg | 905 29 116 |
Ole Bernt Solheim | Juryformann | 404 02 013 |
Oddlaug Fredheim | Kiosk | 909 70 787 |
Cecilia Molander | Media | 901 74 820 |
TURNERINGSREGLEMENT OG ANNA INFORMASJON
Ankomst
Klubbens ansvarlege leiar skal melde lagets ankomst til innsjekk på Florø idrettssenter (FIS), Hovudsekretariat. Her vil informasjonsmateriell bli utlevert samt turneringspass og T-skjorte. Dersom betaling for deltakarkort og påmeldingsavgift ikkje er registrert, kan Vestkystcup be om at kvittering på at denne visast.
Overnatting finn stad på Flora vidaregåande skule, Kurs KF og Storevatn barnehage.
Viktig: Gjer dykk kjend med nødutgangar og merk dykk møteplass ved eventuell evakuering.
Ansvarleg leiar og overnatting
Alle deltakande lag skal før turneringa registrere spelarar og leiarar på:
https://www.profixio.com/app/vestkyst-cup-2022 . Kvart lag er også pålagt å ha ein voksen leiar som er ansvarleg for deltakarane si adferd under reisa til og frå arrangementsstaden og under opphaldet. Det er verdifullt utstyr på overnattingsrom, så vi krev at det er vaksne på rommet dersom barn oppheld seg der.
NB! Eventuell skade på overnattingsstad vert å erstatte av overnattande lag.
Utsjekking frå romma før kl 14:00 søndagen. Romma skal sjekkast saman med representant frå reinhold/vakthold.
Ordensreglar
All bruk av rusmiddel – under reise og under opphaldet – er forbudt! Regelbrudd fører til umiddelbar bortvising og rapport til NHF.
Matservering
All mat for overnattande gjester vert servert i foajé og tilhøyrande rom på Flora vidaregåande skule (FVG). Vi ber om at lagleiarar ser til at spelarane rydder etter seg til alle måltid.
Kveldsmat fredag: 19:00 – 22:00
Frokost laur/sun: 07:00 – 09:00 (høve til å smøre niste)
Middag laurdag: 15:00 – 17:00
Lunsj sundag: 12:00 – 14:00
For dei som meldt tilbake om allergiar, har vi alternativ.
Kiosk
Kiosken på Florø idrettssenter er open:
fredag kl. 17:00 – 22:00
laurdag kl. 08:15 – 23:00
sundag kl. 08:15 – 16:00.
Underhaldning
Laurdag kveld blir det underhaldning i FIS.
Dørene ved Florø idrettsenter vil bli stengt kl 24.00 fredag og laurdag. Då skal det være ro på området.
Spelarar
Kvart lag kan delta med 14 spelarar pr kamp. Ein spelar kan i turneringa ikkje delta på meir enn eit lag i kvar årsklasse. Dispensasjon gjeve iht. regelverket gjeld, og må kunne visast fram ved førespurnad.
Spelereglar
Turneringa spelast etter NHFs sine spelereglar.
Unntak:
1. På grunn av turneringa si tidsramme er det ikkje tillatt med lagstime-out i kampane. Ingen timeout ved utvisningar eller 7-meterkast.
2. Vi har ikkje finaler eller sluttspel for lag under 13 år.
3. Lag som deltek på dispensasjon (med overårige spelarar) kan ikkje delta i finale/sluttspel.
4. Vi følgjer hovudprinsippa til NHF for å rangere laga ved like mange poeng etter innleiande serie.
Ved uavgjort resultat i sluttspel blir kampen avgjort ved loddtrekning for avkast. Ender ein kamp uavgjort i finalespel vert det lagt til 5 ekstra minutt. Står det framleis uavgjort etter dette, skal kampen avgjerast ved loddtrekning.
5. Lag som ikkje er på plass til tidspunktet kampen er annonsert taper kampen.
Avkast/draktlikhet
Laga må være klar på bana 5 minuttar før kampstart. Dommar blåser kamp i gang ved oppgitt tidspunkt for kampstart. Bortelag skifter drakter ved likhet av drakter. Det er laga sitt ansvar å sjekke dette i god tid før kampstart. Det vil vere overtrekksvestar ved kvart banesekretariat dersom draktlikhet ikkje kan unngåast. Heimelag stiller med kampball og har avkast.
DRAKTFARGER på spelande lag 2022:
Klubb |
Trøyfarge |
Askvoll/Holmedal |
Grønn |
Askøy |
Rød |
Bjørnar |
Blå |
Bremanger |
Rød |
Bønes |
Blå |
Dale |
Gul |
Eid |
Gul |
Eikefjord |
Oransje |
Florø SPKL |
Blå |
Fyllingen Håndball |
Gul |
Førde IL |
Kvit |
Gloppen |
Rød |
Gneist |
Kvit |
Hødd |
Blå |
Kopervik |
Kvit |
Manger |
Blå |
Skodje |
Gul (Svart) |
Spjelkavik |
Rød |
Tertnes |
Blå |
Vadmyra |
Blå |
Volda |
Blå |
Gruppespel
I gruppespelkampar starter førstnevnte lag (heimelag) til venstre for banesekretariatet. Førstnevnte lag stiller også med kampball og har avkast.
Sluttspel
I sluttspelkampar starter førstnevnte lag til venstre for banesekretariatet, men avkast avgjerast ved loddtrekning tatt av dommarane før kampstart. Førstnevnte lag stiller også her med kampball.
Jury
Vestkystcup oppnevner ein turneringsjury med arrangørens representant som leiar. I tillegg består juryen av 2 representantar frå gjestande lag.
Leiar: Ole Bernt Solheim Tlf 404 02 013
Juryen behandlar eventuelle protestar umiddelbart. Juryens avgjersla er endeleg.
Protestar
Protest må leverast juryen seinast 30 min etter kampslutt. Gebyr for innlevering av protest er kr 500,- og dette må innbetalast saman med protesten.
Klister
Det er berre i klassane J/G 15 og eldre det er lov å bruke klister. Det er lov å bruke vannbasert klister. (Select har godkjent klister)
Puljene spelast slik:
Kampoppsett finnast her: https://www.profixio.com/app/matches/vestkyst-cup-2022/categories eller i gratis PROFIXIO-app som du finn på App Store og Google Play.
Baner
Kampane spelast på 3 baner.
Bane 1: Fleirbrukshallen
Bane 2: Fotballhallen, der det er lagt handballdekke
Bane 3: Florøhallen
Bane 1 og Bane 2 er i underetasje i Florø idrettssenter
Bane 3 er ved Florø ungdomsskule, ved Stadion
Informasjonstavler:
På vegg i hovudsekretariat og tavler i foajé heng skilt med nødvendig informasjon, eller skilt med QRkode til informasjon, for cupen. Kampresultat vil visast på skjermar på FIS i foajé. Last gjerne ned gratis PROFIXIO-app. Der blir endringar og resultat blir oppdatert kontinuerlig.
Evaluering
Vi ønskjer at dette skal bli ei turnering som skal vekse seg større. For at lag skal ønske å komme tilbake til Florø vil vi prøve å gjere denne turneringa best mulig. Vi håper difor trenarar/lagkontaktar kan bruke litt tid på å fylle ut evalueringsskjema som ligg i lagmappa. Levér dette i hovudsekretariatet før avreise.
På førehand takk.
TELEFONNUMMER
Legevakt: 116117
Florø Taxi: 57 74 10 15
Politi: ”Når hjelpa kan vente litt” 02800
Brann 110
Politi 112
Ambulanse 113
Fair Play
I løpet av turneringa vil vi ha kåring av det laget som viser dei beste holdningane. Vi vil vektlegge å sette fokus på Fair Play i turneringa. De skal ha eit blikk på andre lag og vurdere kven som viser dei mest positive haldningane til dommar, medspelar og motspelar. I lagmappa finn de ein QR-kode til forms-skjema vi ønskjer de fyller ut og leverer i hovudsekretariatet. Dette gjer de før sundag kl. 12:00. Vinnande lag vil få eit Fair Play-trofé.
QR-KODE for Fair Play:
Orden
Alle må rydde etter seg på romma og vi oppfordrar alle til å rydde etter seg i fellesarealet. Då blir miljøet betre å ferdast i for oss alle. Forøvrig oppmoder vi alle til å ta vare på sine verdisaker. Det finst skap i nedre etasje som kan låsast med hengelås. Hengelås kan kjøpast i kiosken.
Vestkystcup ønskjer spelarar, trenarar og dommarar lykke til!
Med atterhald om endringar som ikkje er oppdatert.
Her kan du laste ned PDF-filen: VELKOMMEN TIL VKC 2022
Våre sponsorer