DUGNAD

Vår klubb drivs av dugnad og er avhengig av at så mange som mogeleg, foreldra eller andre frivillige, hjelper til ved turneringer, cuper og andre arrangement. Det er litt jobb og mykje moro å samles for å hjelpe borna våre med å få ha kjekke og trygge fritidsaktiviteter. Her finn du litt info om dugnadstimar og liknande.

DUGNADSTIMAR

BILETETAKING OG FILMING/STRØYMING

Vi tar mange biletet og filmar og strøymer mange kampar (live streaming), som vi legg ut på sosiale medier og som blir trykt i årsheftet. Alle spelarar, eller føresette,  må godkjenne at vi publiserer bilete og film.  Her finn du skjema som skal fylles i av alle spelarar og som leveres til lagkontakt eller trenar i spelaren sitt lag.

SAMTYKKEERKLARINGSSKJEMA BILETE/FILM/STRØYMING

INSTRUKSER TIL KIOSK OG SEKRETARIAT

Du finn instrukser til m. a. kiosk og sekretariat her: INSTRUKSER

REGLEMENT FOR FLORØ IDRETTSSENTER

Vestland fylkeskommune har lage eit skriv med reglar som gjeld alle.

“For alle som oppheld seg i Florø idrettssenter gjeld reglar om alminneleg god oppførsel og orden. Dette vil gi betre trivsel for alle, og hindre unødig slitasje på bygning og inventar.
Def.: ”Leigetakar”, er ansvarleg person som er oppsett på trening, kamp, kurs, skuletime eller arrangement. Ansvarleg person skal alltid være over 18 år.”

Last ned PDF-filen her: REGELEMENT FLORØ IDRETTSSENTER

Reglement Florø idrettssenter
For alle som oppheld seg i Florø idrettssenter gjeld reglar om alminneleg god oppførsel og orden. Dette vil gi betre trivsel for alle, og hindre unødig slitasje på bygning og inventar.
Def.: ”Leigetakar”, er ansvarleg person som er oppsett på trening, kamp, kurs, skuletime eller arrangement. Ansvarleg person skal alltid være over 18 år.

BRUKSREGLER FOR FLORØ IDRETTSSENTER
1. Leigetakar er ansvarleg for sine utøvarar i den tildelte treningstida/leigetida og må følge hallen sitt reglement.
2. Vaktene kan vise vekk dei som ikkje retter seg etter ordensreglar.
3. Alt klebyte skal vere i garderobane. Verdisaker bør av sikkerheitsmessige grunnar takast med inn i hallen eller låsast inn i verdiskap.
4. Når treninga er slutt skal lag/støtteapparat gå til garderobar.
5. Leigetakar må respektere andre si treningstid. Det er ikkje tilgang til hallene før eigen treningstid begynner.
6. Leietakar går til slutt og kontrollerer at det er rydda i hall og garderobar.
7. Klister skal berre nyttast av J/G 15 år eller eldre. Det er berre vassbasert klister som er tillate. Klister på bane og veggar skal fjernast etter trening og kamp av leigetakar. Ballar med klister skal reinsast før bruk. Det er trenar sitt ansvar å følge opp at disse reglane blir følgt.
8. Utstyr skal brukast med nødvendig forsiktigheit. Etter bruk skal materiell og utstyr settast tilbake på rett plass.
9. Handballmål og motorisert utstyr som skiljeveggar og basketballkorger har eigen instruks i hallen.
10. Viss anna aktivitet enn vanlig trening treff på vekedagar skal eigar/skule varslast. (eks. treningskampar, seriekampar og arrangement).
11. Det er ikkje tillate å røyke, snuse, bruke alkohol eller andre rusmidlar i nokon av idrettshallenes rom eller uteområde.
12. Dyr, med unnatak av førarhund, har ikkje tilgjenge til Flora idrettssenter.
13. Ballspel er ikkje tillate i korridorar, løpebane, garderobar eller tribune.
14. Sykkel, el sparkesykkel, rullebrett eller liknande er ikkje tillate inne på senteret.
15. Det må berre brukast innesko som ikkje set merke.

ANSVAR
1. Utover alminneleg erstatningsrettsleg ansvar er VLFK utan ansvar for ulykker eller skade på personar eller eigedom, tap av private effektar, verdisaker og liknande i forbindelse med utleige.
2. Leigetakar skal alltid ha kompetanse på førstehjelp og sjølv ta med nødvendig førstehjelpsutstyr, og orientere seg om brannforskrifter og naudutgangar. Det skal utførast brannøvingar i henhold til regelverk.
3. Leigetakar er økonomisk ansvarleg for utstyr som forsvinn samt skade på utstyr og inventar som ikkje kan reknast som slitasje eller hendeleg uhell.
4. Skader eller uregelmessigheiter skal straks meldast til driftspersonalet.
5. Ved uvørden bruk eller mangelfull opprydding må leigetakar betale for ekstra reinhald og evt. reparasjonar.
6. Leigetakar er økonomisk ansvarleg for utrykkingsgebyr i forbindelse med uaktsam eller forsetteleg utløysing av brannalarm/innbrotsalarm.
7. Klede og utstyr blir den 1. i kvar månad kasta eller gitt til veledige organisasjonar.
ARRANGEMENT
1. Det skal søkast om bruk av hallen i skuleferiar samt ved bruk i skuletida.
2. Skulen disponerer hallene i tidsrommet 08:00 til 16:00 på kvardagar. Bruk av lokala til andre formål enn idrettslege aktivitetar, er berre aktuelt etter spesiell søknad og vurdering.
3. Ved arrangement må leigetakar sjølv sørge for nødvendig vakthold, også på parkeringsplass (uteareal).
4. Vaktpersonell må være godt kjent med bruksregler, branninstruks, rømningsvegar og kvar sløkkeutstyret er plassert.
5. Eventuell reklame i forbindelse med arrangement skal avklarast med eigar.
6. Alle leide lokale skal ryddast, vaskast og tømmast for boss. Utstyr og inventar skal settast på plass. Boss skal fjernast av leigetakar.
7. Ved eigen kioskdrift under arrangement skal kjøkken og dei tilhøyrande areal reingjerast etter avtale med reinhaldspersonale.
Førde 03.05.2021