TRØYE/SHORTS/SOKKER/OVERTREKKSDRESS

Som handballspelar brukar man kamptrøya, shorts, sokker og handballskor (non-marking inneskor).

Klubbens fargar er registrert hjå Norges håndballforbund og er ved kampar:
Heimedrakt: blå trøye og blå shorts
Bortedrakt: kvit trøye og blå shorts

Treningstrøyan er svart med logo, FLORØ SK HANDBALL og ein SSF-logo på høgre erm.

Disse fargane MÅ respekterast av laga og spelarane.
Viss ein spelar/eit lag kjem på kamp med «feil» fargar, kan vi få bot.

Florø SK Handball har samen med Select laga ein «klubbkolleksjon» som består av:
Kamptrøye, shorts, treningstrøye, treningsgenser, treningsbukse og jakke. Alle skal bruke same modellar for at klubbens medlemmar skal sjå like ut.

ALLA spelarar og trenarar må ha klede frå klubbkolleksjonen når dei er på heime- og bortekampar.

Spelarane skal ikkje bruke kamptrøye ved privat bruk.

KLUBBDRAKTER (TRØYE OG SHORTS) OG OVERTREKKSDRESSAR I FLORØ SK HANDBALL

Som klubb ønskjer vi å skape ei god kjensla av venskap og samhald i laga våre. Det skal vere kjekt og moro å vere ein florøspelar. Ein del av å skapa det, er at alle har lik bekledning på treningar og på kampar, både heime- og bortekampar, for kjenne felleskap.

Med «lik bekledning» meinar vi klubbens kolleksjon i klubbens farger med sponsortrykk på lik plass på alle utøvarar. Kleda kjøper utøvarane hjå Jobbpartner på Evja. Jobbpartner trykkjer alle obligatoriske logoer på kleda. Det blir ikkje trykt logoer på klede som er kjøpt ein annan plass enn på Jobbpartner. Klede som er kjøpt ein annan plass kan difor ikkje brukast ved heime- og bortekamper, i seriespel, cuper eller andre kampar når ein representerar klubben.

Derfor har Florø SK Handball, med Select, satt saman ein kledeskolleksjon som gjeld alle. Du finn den på plakaten «FLORØ SK HANDBALL KLUBBKOLLEKSJON» for noverande sesong.

6-12 år: bruker klubbtrøye i blått som kamptrøye og treningstrøye i svart.
Shortsen, PISA, er i blått. Treningstrøye, shorts og sokker kjøper spelaren sjølv.

13-15 år: bruker blå trøye, SPAIN, i kampar. Shortsen er SPAIN i blått. Treningstrøye er PISA i svart.
Spelaren kjøper kamptrøye, treningstrøye, shorts og sokker sjølv. (sjå «INNKJØP» nede)

16-20 år: bruker blå trøye, SPAIN, i heimekampar og kvit trøye, SPAIN, i bortekampar. Shortsen er SPAIN i blått. Treningstrøye er PISA i svart. Spelaren kjøper treningstrøye, shorts og sokker sjølv. (sjå «INNKJØP» nede)

Herre- og damelag: bruker klubbtrøye SPAIN i blått i heimekampar og i kvitt i bortekampar. Shortsen er SPAIN i blått. Spelaren kjøper shorts og sokker sjølv. (sjå «INNKJØP» nede)

KEEPERAR:

13-15 år: bruker vi keepertrøye SPAIN primært i rosa og handballbukse/treningsbukse i svart. Spelaren kjøper trøye, handballbukse/treningsbukse og sokker sjølv. (sjå «INNKJØP» nede)

16-20 år: bruker vi keepertrøye SPAIN primært i rosa og handballbukse/treningsbukse i svart. Spelaren kjøper treningstrøye, bukse og sokker sjølv. (sjå «INNKJØP» nede)

SJÅ KOLLEKSJONSPLAKAT FOR FLORØ SK HANDBALL KVA KOLLEKSJON SOM GJELD DEN NOVERANDE SESONGEN.

INNKJØP

Alle innkjøp av utstyr/klede må gjerast hjå Jobbpartner på Evja. Alle medlemmar i Florø sportsklubb har 20% i rabatt på alt utstyr frå Select hjå Jobbpartner.

Klubben har beslutta at tilby gratis klede i gong kvart 3. år.

10-12 år: du får ein gratis genser. Den skal ha ei levetid på 3 år. Viss du treng ny av ulike grunnar, må du kjøpe sjølv hjå Jobbpartner. Namn på genser betalast av spelaren.

13-15 år: du får ein gratis genser og ei gratis treningsbukse. Kleda skal ha ei levetid på 3 år. Viss du treng nye av ulike grunnar, må du kjøpe sjølv hjå Jobbpartner. Namn på genser og trøye betalast av spelaren.

16 år+: du får ein gratis genser, ei gratis treningsbukse, ei gratis heimetrøye og ei gratis bortetrøye. Kleda skal ha ei levetid på 3 år. Viss du treng nye av ulike grunnar, må du kjøpe sjølv hjå Jobbpartner. Namn på genser og trøye betalast av spelaren.

Herre- og damelag: du får ein gratis genser og ei gratis treningsbukse. Kleda skal ha ei levetid på 3 år. Viss du treng nye av ulike grunnar, må du kjøpe sjølv hjå Jobbpartner. Seniorlaga bruker klubbtrøyer. Namn på genser betalast av spelaren.

Dei seniorlaga som rykker opp til 3. divisjon og høgre får i tillegg ei jakke.

BETINGELSER

Spelarane skal betale klubbkontingent/trenaravgift før dei får utlevert klær.

For 3. divisjon gjeld at dersom dei gir seg før 2 år er gått så beheld dei klede, men må betale kr 1000,- til klubben.

Vi føreset at kleda har ei brukstid på 3 år. Dersom noken øydelegg, mister eller av anna årsak ikkje kan bruke kleda så lenge så er dei sjølv ansvarlige for å kjøpe nye.

Ansvar for oppfølging:

Lagkontakt/trener har ansvar for

  • Melde spelarane til Medlemsansvarleg som sender krav om treningsavgift/kontingent
  • Melde frå til leiar om kven som skal ha støtte til treningsavgift
  • Melde frå til Medlemsansvarleg om nye spelarar som kjem til i løpet av sesongen.
  • Halde oversikt over kven i øvste divisjonane som slutter før 2 år.
  • Til ei kvar tid ha oversikt over kven på laget som har rett på/har fått utlevert klær, og informerer Jobbpartner. Jobbpartner bestiller/trykker.

Medlemsansvarlig har ansvar for

  • Fakturere treningsavgift/kontingent
  • Ha oversikt over kven som har betalt (inkl. dei som som støtte – som blir merka som betalt). Treningsavgift utsendast innan gitt dato.  Nye spelarar innrullerast etter kvart som dei kjem.

Uavhengig av kor mange ulike roller/spelargrupper du har/spelar i, så får du pakken som høyrer til din hovudgruppe.

Med lik bekledning framstår klubben som ryddig/proff og vi får respekt frå andre klubbar.