Treningsavgift for 2024-2025
Aldersgrupper | Pris pr. halvår | Talet på økter |
6-9 år | 500,- | 1 økt pr veke i gymsal |
10-11 år | 1 000,- | 2 økter pr veke i hall |
12 år | 1 500,- | 3 økter pr veke i hall |
13-16 år | 1 900,- | 3 økter pr veke i hall |
Senior 1. laget | 2 000,- | 3-4 økter pr veke i hall |
Senior 2. laget og 4. div | 1 400,- | 2 økter pr veke i hall |
Florø United | Gratis | 1 økt pr veke i gymsal |
Alle som i løpet av året starter og deltek i regelmessig aktivitet i regi av Florø SK Handball, pliktar å betale treningsavgift. Når ein spelar har vore med og trent ein månads tid vert den rekna som «regelmessig», og må betale treningsavgift for inneverande sesong. Det er ikkje noko krav at ein spelar, som er med på treningane, må vere med på kamp. Vil spelaren berre vere med på treninga, så er det helt ok. Den dagen spelaren er klar for det, viss den kjem, så får spelaren vere med på kamp. Vår klubb er til for alle.
Har du spørsmål om treningsavgifta? Ta kontakt med Annbjørg Hestdal
I tillegg til treningsavgift skal det også betalast kontingent på kr 200,- til Florø Sportsklubb. Den gjeld for alle idretter innan Florø Sportsklubb.
Kontingenten inneheld barneforsikring i klubben fram til utøvaren fyller 13 år. Du kan lese meir om barneforsikringa på NIF si heimeside. Utøvarar som er 13 år og eldre må løyse lisens for å vere forsikra. Sjå lenkje hos NHF «Lisens og forsikring i håndball»
Medlemskontingenten er ei viktig inntekt for idrettsklubben og blir nytta til å betale fellesutgifter. Den gjeld for alle idretter innen Florø Sportsklubb.
Ta kontakt med Eva Orheim viss du har spørsmål om medlemskontingenten,
Epost: Eva Orheim (orheimeva@gmail.com)
Frå det året spelaren fyller 13 år må det betalast lisens for at spelaren skal kunne spele kamp. Lisensen er forsikring av spelaren. Les meir HER.
Med atterhald om trykkfeil.