Innlegg

Meld deg inn som (støtte)medlem i Florø Sportsklubb

Alle som i løpet av året starter og deltek i regelmessig aktivitet i regi av Florø SK  Handball (Florø Sportsklubb) pliktar å betale medlemskontingent og treningsavgift. Når ein spelar har vore med og trent ein månads tid vert den rekna som «regelmessig», og må betale treningsavgift for inneverande sesong. Det er ikkje noko krav at ein spelar, som er med på treningane, må vere med på kamp. Vil spelaren berre vere med på treninga, så er det helt ok. Den dagen spelaren er klar for det, viss den kjem, så får spelaren vere med på kamp. Vår klubb er til for alle.

I tillegg til treningsavgift skal det også betalast kontingent på kr 200,- til Florø Sportsklubb.  Medlemskontingenten er ei viktig inntekt for idrettsklubben og blir nytta til å betale fellesutgifter. Den betalast ein gong per år og den gjeld for alle idretter innen Florø Sportsklubb.

Kontingenten inneheld barneforsikring  i klubben fram til utøvaren fyller 13 år. Du kan lese meir om barneforsikringa på NIF si heimeside. Utøvarar som er 13 år og eldre må løyse lisens for å vere forsikra. Sjå lenkje hos NHF «Lisens og forsikring i håndball»

Du treng ikkje vere utøvar av ein sport for å vere medlem i klubben vår. Du kan vere med og støtte klubben, som legg til rette for at barn og unge skal ha eit godt trenings- og kamptilbud. Då blir du støttemedlem. Det er ein god sak du støtter.

Meld deg inn på Norges idrettsforbund si webside «Min idrett» (https://www.minidrett.no/)

Frå og med i år, 2022,  er det kun medlemmer som har betalt medlemskontingent som vil telje i Norges idrettsforbund sitt berekningsgunnlag.

Faktura på medlemskontingent for 2022 vart nettopp sendt ut til medlemmane.

Her finn du instrukser: Sånn betaler du kontingent og treningsavgift.

Her er lenkje til Norges idrettsforbund: Innmelding i norsk idrett

Velkommen som medlem i Florø Sportsklubb!