TURNERINGSREGELEMENT versjon for 2023

Spelarar
Kvart lag kan ikkje delta med meir enn 14 spelarar pr kamp. Ein spelar kan ikkje delta på meir enn eitt lag i same årsklasse i turneringa. Dispensasjon gjeld etter regelverket, og må vere skriftleg og kunne visast fram ved spørsmål.

Spelereglar
Turneringa vert spelt etter spelereglane til NHF.

Unntak:

  1. Grunna turneringa si stramme tidsramme er det ikkje tillate med lags-time-out i kampane, og heller ingen time-out ved utvisningar eller 7-meter-kast.
  2. Vi har ikkje finalar eller sluttspel for lag under 13 år.
  3. Lag som deltek på dispensasjon (med overårige spelarar) kan ikkje delta i finalar eller sluttspel.
  4. Vi følgjer hovudprinsippa til NHF for å rangere lag ved like mange poeng etter innleiande serie. Ved uavgjort resultat i sluttspel vert avkast avgjort ved loddtrekning. Endar ein kamp uavgjort i finalespel vert det lagt til 5 ekstra minutt.  Står det framleis uavgjort etter dette, skal kampen avgjerast med myntkast.
  5. Lag som ikkje er på plass til annonsert kamptid vil tape kampen.

Avkast/like drakter
Laga må vere klare på bana 5 minuttar før kamp startar. Dommar bles kampen i gang ved oppgitt tidspunkt for kampstart.

Bortelag bytter drakter om laga har like drakter. Det er laga sitt ansvar å sjekke dette i god tid før kampstart. Her vil ligge overtrekksvestar ved kvart banesekretariat dersom like drakter ikkje kan unngåast. Heimelag stiller med kampball og har avkast.

DRAKTFARGER på spelande lag 2023: Finn du på Profixio

Klubb | Draktfarge

Kamptider og klasser:

Jenter/Gutar 2007

 

Gruppespel
I gruppespelkampar startar førstnemnde lag (heimelag) til venstre for banesekretariatet. Førstnemnde lag stiller også med kampball, og har avkast.

Sluttspel
I sluttspelkampar starter førstnemnde lag til venstre for banesekretariatet, men avkast vert avgjort ved loddtrekning gjennomført av dommarane før kampstart. Førstnemnde lag stiller også her med kampball.

Jury
Vestkyst cup nemner ein turneringsjury. Arrangørens representant står som leiar. I tillegg har juryen 2 representantar frå gjestande lag.

Leiar:

Medlem 1:

Medlem 2:

Juryen behandlar straks eventuelle protestar. Avgjerda til juryen er endeleg.


Protestar
Protest må leverast juryen seinast 30 min etter kampslutt. Gebyr for innlevering av protest er kr 1000,- og dette må innbetalast saman med protesten.

Klister
Det er berre i klassane J/G 15 og eldre det er lov å bruke klister. Det er berre lovleg å bruke vannbasert klister.

Puljene
Kampform med tider per kamp. Alle lag vil få minst fem kampar. Vi tek atterhald ved at nokre grupper kan bli slått saman.

J/G 9 år: 1 x15 minutter

J/G 10 år: 1 x 15 minutter

J/G 11 år: 1 x 20 minutter

J/G 12 år: 1 x 20 minutter

J/G 13 år: 1 x 25 minutter, plasseringskampar 2 x15 minutter med  pause

J/G 14 år: 1 x 25 minutter, plasseringskampar 2 x 15 minutter med  pause

J/G 15 år: 2 x 15 minutter,  plasseringskampar 2 x 20 minutter med  pause

J/G 16 år: 2 x 15 minutter,  plasseringskampar 2 x 20 minutter med  pause

Baner og kampar
Kampane vert normalt spelte på 4 baner med kort avstand mellom.

Bane 1: Handballhallen i Florø idrettssenter. (FIS)

Bane 2: På handballdekke i fotballhallen. (FIS)

Bane 3: På handballdekke/eller kunstgras i fotballhallen (2/3 baner J/G 9 og 10 år).

Bane 4: Florøhallen


Informasjonstavler:
På vegg i hovudsekretariat og tavler i foajé heng nødvendig informasjon for cupen.  Kampresultat vert vist på skjermar i foajé. Last gjerne ned gratis PROFIXIO-app.  Der vert endringer og resultat oppdatert kontinuerlig.

Viktige fristar:

17. september: Frist for påmelding av lag

28. september: Påmelding og betalingsfrist for spelarar

20. juni: Halvert påmeldingsavgift for lag, og to gratis spelaravgifter (A-kort) for dei som melder seg på innan 20. juni.

Turneringa er i tillegg gratis (A-kort) for ein leiar/trenar til kvart lag.