Innlegg

Florø slog Gloppen, møter Førde i 2. runde

Onsdagskveld møtte Florø Gloppen i 1. runde av Handball NM for damer, og det gjekk som ein dans. Florø vann med 30-15
Florødamene var trygge og sikre i spelet sitt, og trenar Hákon Hermannsson Bridde fekk en flott start på kampane sine her i Florø.
Dei har trent godt. Det såg vi.

No ventar Førde i 2. runde som spelast 27. august kl 19:00 i Florø idrettssenter, ettersom Florø er det lågast rangerte laget. Det vert ein kamp mellom 1. og 4. divisjon men etter storsigeren til Florø over 3. divisjonslaget til Gloppen kan mykje skje.  Berre det å få møte førstedivisjonslaget vert ei fin utfordring for dei unge Florø-spelarane.

Det blir eit kjekt gjensyn med trenar Hilmar Guðlaugsson som gjorde ein så god jobb med Florøs damer i fjor.  Og så vert det eit islandsk oppgjer på benkene, Florøs gamle trenar mot Florøs nye…

GOD KAMP!