Medlemskapet gjeld Florø Sportsklubb og dekkjer alle aktiviteter innen klubben. Ta kontakt med Eva Orheim, viss du har spørsmål om medlemskontingenten: Eva Orheim (orheimeva@gmail.com)

Florø SK Handball er pliktig til å nytte eit godkjent elektronisk system for medlemslister. Vi bruker Norges idrettsforbund sitt fellessystem for inn- og utmelding av idrettslag, «Min idrett».  Du kan lese meir om Min idrett på heimesida deira.

Inn- og utmelding i idrettsklubben gjer du på di personlige side i Min idrett. Om du ikkje har ein profil på Min idrett må du opprette ein slik profil for å kunne melde deg eller eit familiemedlem inn i idrettslaget. For å opprett din profil på Min idrett går du til www.minidrett.nif.no.

Vi har laga ein rettleiar for korleis du går fram for å opprette din profil og korleis du melder inn ein eller fleire personar i idrettsklubben. Du kan opprette ein profil uten å melde deg inn som medlem. Ikkje krysse for nokon aktivitet på din profil, men berre på ditt barn sin profil.

Du må vere medlem for å få stemme på årsmøtet. Viss du ikkje er aktiv, så kan du vere støttemedlem og få stemmerett.

For spørsmål kring ditt medlemskap i Florø SK Handball, kontakt medlemsansvarleg:

Annbjørg Hestdal, tlf. 913 00 107, mail: annbjorg@florohandball.no

 

HANDBALLHEFTA

2016