Søndag i FIS; 3. div herrar;: Florø- Gloppen:
To “eldre handball-kjemper” kan I dag redde æra for Florø i helgas store kamp i FIS, nabo-oppgjeret mot Gloppen.
Kampen kan gje eit første mål på kor greitt det kan gå for Florø utan midt og storskorar Jakob Aven og strek og forsvarskjempe Viljar Ødelien med på laget.
Jakob har allereie debutert og skora i 2. divisjon med sitt nye lag Viking i Bergen, medan Viljar går på språkurs i Berlin. I tillegg er Jonas Frøyen skadd, og heller ikkje Anders Strømmen eller Joakim Espeseth kan spele.
Men trenar Elisabeth Aven, har likvel trua.
– Vi har over 20 på trening og gutane har teke store steg. Eg ventar at andre som Håkon Strømmen og Terrence Leftewich no vil ta meir ansvar, seier Aven.
Dessutan vil den gamle lynvingen Dag Frøyen (46) få sin årsdebut på 3. divisjonslaget. I tillegg melde tidlegare Gloppen-målvakt Roger Nordal (39), Florø-gut god som nokon, overgang til Florø denne veka. Han har med mykje erfaring frå spel i høgare divisjonar og kan kome til å frustrere gamle lagkameratar frå Nordfjord-bygda. Elles stiller Florø med eit veldig ungt lag.
Florø og Gloppen er to lag som kjenner kvarandre veldig godt. Med meir rutine er Gloppen ein liten favoritt. Men Florø kan overraske. Og årets 3. divisjon ser ut til å verte ein serie der alle kan slå alle.
Florø ligg på ein niande plass i 3. div. i Vestlandsserien med to poeng etter tre kampar, Gloppen er på femteplass med tre poeng etter fire kampar. Her kan vi vente fart mot musklar.
SØNDAG 21. spelar og begge 12 årsgutelaga til Florø dobbelkampar i FIS frå 11:00 og utover mot Sandane 1 og Sandane 2.
Dag får såleis fire kampar som lagleiar for 12 årsgutane før han skal utpå golvet sjølv når herrane tek over med kampen mot Gloppen klokka 16:00.
På bortebane spelar Florø 1 J13 to kampar mot Stryn 1 og 2.
J15 møter Eid, medan Florø 1 G16 har to kampar i Dale.
https://florohandball.no/wp-content/uploads/2018/10/Florø-herrer.jpg6321445florohttps://florohandball.no/wp-content/uploads/2017/10/logo_110_60.pngfloro2018-10-21 10:50:372018-10-21 10:58:33Fart mot muskler i 3. divisjon
Våre 2 damelag spelar laurdag mot Sogndal 2. Florø 2 begynner sin kamp kl 11:00 og Florø 1 kl. 13:30.
Begge laga vann mot Syril sist heime og Florø 2 vann mot Sogndal 2 borte. Florø 1 har spela 2 kampar og vunne begge, og Florø 2 har spela 4 kampar, vunne 3 og tapt 1, så vi har 2 sterke lag på heimebane i helga.
Sundag er det 4 stk G12-kampar før våre 3. divisjonsherrer møter Gloppen. Gloppen ligg på 5. plass og Florø på 9. plass i serietabellen, men det er små marginer, berre 1 poeng i forskjell. Gloppen har og spela ein kamp meir enn Florø.
https://florohandball.no/wp-content/uploads/2018/09/Handball-Hending-Face.jpg339667florohttps://florohandball.no/wp-content/uploads/2017/10/logo_110_60.pngfloro2018-10-18 12:01:512018-10-18 15:32:34Kampar 20. og 21. oktober 2018
https://florohandball.no/wp-content/uploads/2018/10/Firdapostenbilete-avtale-Handball-og-Instersport.jpg17021400florohttps://florohandball.no/wp-content/uploads/2017/10/logo_110_60.pngfloro2018-10-16 11:33:122018-10-16 11:40:28"Framleis kortaste veg til ein god handel."
Signering av avtale mellom Florø SK Handball og Intersport Florø AS: Jorunn Farsund, nestleiar Florø SK Handball og Evy Støylen, Intersport Florø AS. Foto: Cecilia Molander
Florø SK Handball og Intersport Florø AS har inngått ein sponsoravtale på 4 år. Det betyr m.a. at Intersport Florø AS leverer alt av bekledning og medisinsk utstyr for handballen i Florø.
Vi ser fram imot eit godt samarbeid og vi starter det med “Klubbhelg hos Intersport” no i helga 18. – 20. oktober, der dei har flotte tilbud til medlemmane i Florø SK Handball.
https://florohandball.no/wp-content/uploads/2018/10/IMG_5399WEB.jpg11251500florohttps://florohandball.no/wp-content/uploads/2017/10/logo_110_60.pngfloro2018-10-15 14:48:152018-10-15 14:55:48Florø SK Handball inngår avtale med Intersport Florø AS
No begynner haustferien og vi ynskjer velkommen til handballskulen måndag 8. oktober kl 09:00. Det kjem til å bli ei veke med fylt med leik og moro, og dei får lære seg handballteknikk av våre dyktige instruktører.
Til alle andre vil vi ynskje ein riktig fin og hyggeleg haustferie og velkommen på handballkamp igjen 20. oktober i Florø idrettssenter, då spelar våre 2 damelag, J18 og herre 5. divisjon kampar.
https://florohandball.no/wp-content/uploads/2018/10/innleggsbilde-WP-God-haustferie.jpg430967florohttps://florohandball.no/wp-content/uploads/2017/10/logo_110_60.pngfloro2018-10-05 11:21:352018-10-05 11:21:35Haustferie og handballskule
https://florohandball.no/wp-content/uploads/2018/09/Handball-Hending-Face.jpg339667florohttps://florohandball.no/wp-content/uploads/2017/10/logo_110_60.pngfloro2018-10-01 18:16:452018-10-03 15:06:14Kampar 2. oktober og 3. oktober 2018