Fart mot muskler i 3. divisjon
Søndag i FIS; 3. div herrar;: Florø- Gloppen:
To «eldre handball-kjemper» kan I dag redde æra for Florø i helgas store kamp i FIS, nabo-oppgjeret mot Gloppen.
Kampen kan gje eit første mål på kor greitt det kan gå for Florø utan midt og storskorar Jakob Aven og strek og forsvarskjempe Viljar Ødelien med på laget.
Jakob har allereie debutert og skora i 2. divisjon med sitt nye lag Viking i Bergen, medan Viljar går på språkurs i Berlin. I tillegg er Jonas Frøyen skadd, og heller ikkje Anders Strømmen eller Joakim Espeseth kan spele.
Men trenar Elisabeth Aven, har likvel trua.
– Vi har over 20 på trening og gutane har teke store steg. Eg ventar at andre som Håkon Strømmen og Terrence Leftewich no vil ta meir ansvar, seier Aven.
Dessutan vil den gamle lynvingen Dag Frøyen (46) få sin årsdebut på 3. divisjonslaget. I tillegg melde tidlegare Gloppen-målvakt Roger Nordal (39), Florø-gut god som nokon, overgang til Florø denne veka. Han har med mykje erfaring frå spel i høgare divisjonar og kan kome til å frustrere gamle lagkameratar frå Nordfjord-bygda. Elles stiller Florø med eit veldig ungt lag.
Florø og Gloppen er to lag som kjenner kvarandre veldig godt. Med meir rutine er Gloppen ein liten favoritt. Men Florø kan overraske. Og årets 3. divisjon ser ut til å verte ein serie der alle kan slå alle.
Florø ligg på ein niande plass i 3. div. i Vestlandsserien med to poeng etter tre kampar, Gloppen er på femteplass med tre poeng etter fire kampar. Her kan vi vente fart mot musklar.
SØNDAG 21. spelar og begge 12 årsgutelaga til Florø dobbelkampar i FIS frå 11:00 og utover mot Sandane 1 og Sandane 2.
Dag får såleis fire kampar som lagleiar for 12 årsgutane før han skal utpå golvet sjølv når herrane tek over med kampen mot Gloppen klokka 16:00.
På bortebane spelar Florø 1 J13 to kampar mot Stryn 1 og 2.
J15 møter Eid, medan Florø 1 G16 har to kampar i Dale.
Olav Hatlemark, SU-leiar
Legg igjen et svar
Want to join the discussion?Feel free to contribute!