Reisebrev frå Florø United på treningsleir i Barcelona: Brev 1
Vi køyrde frå Florø grytidlig laurdag morgon. Takka være ein habil sjåfør nådde vi ferga på Lavik med eit nødskrik. Resten av turen gikk fint og vi ankom hotellet kl 18.
Etter ein god middag var det tidlig i seng. Søndagen brukte vi til å bli kjent i området. Nokre gikk på marked, andre slappa av ved bassenget. Det er kort veg til stranda der vi kosa oss i sola, og dei aller fleste kasta seg i bølgene. Mandag var det på tide å komme seg i gang med trening. Vi hadde ei kjekk økt i ein fin hall som ligg like ved hotellet. Etter treninga var det restitusjon ved bassenget før togtur-sightseeing. Togturen gikk langs stranda og opp i åsane over Santa Susanna. I morgon er det ny treningsøkt og nye eventyr.
Jorunn Farsund, for Florø United