Fire Florø-lag til regionsfinale i Åsane Arena 15. og 16. april
Ikkje verst å få så mange lag med i sluttspela i Bergen. Men ikkje overraskande heller. Florø har skapt ein bra tradisjon med mange lag med i sluttspela.
Florø G13 (2009)
Deres første kamp er laurdag 15. april kl. 12:00 mot Bjarg. Høyang og Kjøkkelvik er dei andre kvalifiserte. Laget til Monica Bruflot og Steinar Løkkebø vert litt historiske. Dette er første fylkesmeisterskap (FM) i Vestland og det første der gamle Sogn og Fjordane ikkje har sitt eige FM.
Florø J13 (2009)
De spelar første kvalifisering i FM-sluttspel mot Bjarg laurdag 15.april kl. 13:00. Åsane/Flakteit og Jotun er dei andre kvalifiserte Dette vert siste kamp med trenarane dei siste to åra, Thea Heimtun og Ann Maria Ryland.
Florø J14 (2008)
Laget til Weronika Breidvik har varma opp med gode erfaringar frå Petter Wessel cup og budd seg bra. Dei spelar første kamp mot Bjarg søndag 16.04 kl 11:30. Åsane og Dale er dei andre kvalifiserte.
Florø G14 (2008):
Laget spelar regionssluttspel søndag 16.04 etter å ha vore temmeleg suverene i sonen for gamle Sogn og Fjordane. Gutane til Vibeke Mowatt og Ole Bernt Solheim kan vente seg langt meir motstand mot Eidsvåg/Tertnes. (kl 13:00). Bergen/Årstad og Stryn er dei andre kvalifiserte.
Vi gratulerer og ønskjer lykke til
Vi gratulerer laga med kvalifiseringa til fylkesmesterskap og regionssluttspel på Åsane Arena til helga og ønskjer alle lykke til med kampane.
- Vi er stolte av dykk, hugs å vere stolt sjølv òg.
PS: Dette er ein god reklame for laga, klubben og Vestkyst Cup i oktober.
Olav Hatlemark, leiar for Sportsleg utval, Florø SK Handball
Foto: Cecilia Molander