Kampar i helga 9. – 10. februar …

Runde 9. og 10 januar
UFORDRINGAR FRÅ BERGEN

14: 55, 4. divisjon Herrar: Florø- Norrøna:
Florø-herrane toppar framleis 4. divisjon eitt poeng føre Gneist og har stø kurs mot 3. divisjon neste år, trass i litt ujamn innsats sist helg med uavgjort mot eit lag av eldre ringrevar frå Åsane. Gamlekarane greidde å skru ned tempoet i kampen som enda 26-16.
I dag står Norrøna for tur. Eit lag Florø hadde vanskar mot sist dei møttest i Bergen sist haust. Då enda det med 29-29, som den eine av tre uavgjorte kampar for det elles ubesigra Florø-laget. Norrøna ligg på 3. plass i serien og må vinne om dei skal ha nubbesjans til den andre opprykksplassen.
At Florø har dei fire på topp på toppscorarlista i divisjonen fortel om eit lag som har vore temmeleg suverene offensivt i årets 4. divisjon. Jakob Aven er på klar topplass med 78 mål framfor dagens kamp , Jonas Frøyen på andre med 51 mål, 39 Agash Putti har 38 mål og
Viljar Ødelien står med 37 mål. I tillegg er også Thomas Berhane inne på topp ti lista scoringslista i divisjonen.
I dag kan det ventast meir fart og mål og kanskje spenning om Norrøna kjem med eit lag som greier å dra ned tempoet.

11:00: J 12: Florø 3-Florø
13:05: Florø-Florø 2
Interne oppgjer i ei gruppe som stiller med tre lag i avdelinga Både Florø 2 og Florø 3 ligg på suverent på topp med Florø1 på femte-plass. To lag i avdelinga kan kvalifisere seg til fylkesfinalen. Florø-lag ligg godt til for å kapre begge opprykksplassane.

J 16:
Elles er det stor Bergenshelg for J 16 Florø som har kamp både mot Bergen og Sotra i dag. I morgon ventar ny heimekamp i idrettssenteret for same gjengen mot Tertnes.
Medan G 16 spelar borte mot topplaget i Sogn og Fjordane, Gloppen.

Miniane:
I tillegg har miniane full runde i Gaularhallen både gutane og jentene frå 6-9 år skal i sving i miniturnering både laurdag og søndag.

 

Olav Hatlemark

Leiar Sportsleg utval

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *