Godt budde for cuptest i kveld

Onsdag vert første skikkelege test for Florøs nye førstelag som i år skal spele i 4. div. Gloppen kjem på besøk til 1. runde NM-cupen for damer.
– Vi er godt budde. Vi har fått trena bra og har allereie eit godt grunnlag. Kom og støtte oss i Florø idrettssenter seier Florøs nye islandske trenar Hákon Hermannsson Bridde.

For Florø vert dette først og fremst god trening sjølv om det og vil vere stas med siger. Vinnaren skal nemleg spele 2. runde mot fylkets einaste 1. divisjonslag; Førde, innan ei veke.

Som i fjor utgjer 2001 årgangen kjernen i troppen til Florø. Ekstra spennande vert det å sjå venstrehendte Hanna Alsaker tilbake på bana etter eitt år ute med korsbandskade og Anna Matilde Førde debutere som målvakt. Dessutan er Ida Frøyen tilbake på bana i Florø etter mange år i Bergen. Ho kjem med verdfull erfaring og snert i skota frå vingen. Og fleire unge frå 2002 årgangen kan komme til å debutere.

Gloppen vart nummer seks i siste sesongs 3. divisjon der Florø kom på 8. plass og rykte ned til 4. div. Men Florøs unge lag kom sterkt mot slutten av sesongen. Og ryktet går om at Gloppen har mista fleire av sine sterkaste spelarar.

Olav Hatlemark, Leiar SU

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.