Florø sin trenar før kampen…

KOM PÅ KAMPEN MOT FØRDE I DAG KLOKKA 19:00!

Høyr kva Florøs nye trenar Hákon Hermannsson Bridde seier om dagens kamp:

I dag klokka 19:00 får årets unge Florø damer si neste store prøve med fylkets desidert beste lag, 1. divisjonslaget til Førde på besøk til 2. runde i NM-cupen. Storsigeren i 1. runde over Gloppen i Florø idrettssenter sist tysdag lovar godt.

Så ønsker du å sjå damehandball i Florø på høgt nivå får du sjansen her!

Florø stiller same lag som sist med Anna Mathilde Førde debuterande i mål etter eit årelangt skadeavbrekk som einaste unntak. Alltid unge Camilla Steinhovden Dypevik og Ida Frøyen, sistnemnde med 1. divisjonserfaring frå Bergen vert stabilisatorane i dette laget som elles berre har 17-åringar og 16 år gamle Kathrine Zachariassen som keeper med.
Kjekt vert det også å få siste sesongs Florø-trenar Hilmar Gudlaugsson på besøk som trenar for Førde. Kanskje kan vi gje han ei stor overrasking, sjølv om han kjenner Florøs spelarar betre enn dei fleste. Kampen i kampen vert den islandske duellen på trenarbenkane; med Florøs Hakon på andre sida av midtstreken

av Olav Hatlemark

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *