FLORØ TEK UTFORDRINGANE OG MØTER DEI BESTE
Kom og sjå!!!!
Florø sitt J18-årslag får tre av Vestlandets beste 18-årslag på besøk når slaget i helga. Det skal stå om kva lag frå region vest som kvalifiserer seg til den landsdekkande Lerøy-serien. Turneringa kan vere ei viktig utfordring for Florø.
Kampane startar i Flora idrettssenter med Florø-Fyllingen ut som første lag laurdag klokka 12:00. Her vil gå fire kampar laurdag og to søndag.
Fyllingen er truleg sterkaste laget i gruppa. Men også Bergen og Åsane har hatt gode ungdomsårgangar.
Ein peikepinn kan vere at i fjor plasserte same laga seg som nummer 3, 2 og 10 i eliteserien for 16-årslag i Hordaland/Sogn og Fjordane. Eit skadeskote Florø-lag imponerte der med 4. plassen.
STYRKTE:
Men no er Hanna Alsaker, Anne Mathilde Førde, Karoline Sagen og Kristine Orheim tilbake etter lange skadeavbrekk. Ei god oppkøyring med treningsleir i Danmark, og to cupkampar, gjer at vi kan vente at Florø vil hevde seg. Trenar Hákon Hermannsson Bridde har hatt eit godt tak på førebuingane.
Dette er den første av to kvalikrundar.
Florø sitt lag er sett saman av nesten berre 17 år gamle spelarar frå den gode 2001 generasjonen som har herja i seriane her i fylket sidan dei var små. På bildet over; fjorårsårgangen som sidan dei var miniar vart trena av Eva Orheim og Monica Bruflot fram til den islandske perioden starta i fjor. Dei to siste er framleis med på benken. Og dei aller fleste jentene er framleis aktive. No utgjer same jentene grunnstamma i Florøs 4. divisjonslag.
BRINGLAG I OSLO:
Men det er ikkje berre 18-årsjentene som satsar på landsdekkande turneringar. 16-års jentene til Ole Bernt Solheim og Birte Reed Solheim (bilde frå i fjor) reiser til Oslo for å kvalifisere seg til Bring turneringa. Her møter dei kjende handballklubbar som: Oppsal, Levanger og Forus &Gausel.
Bringkvaliken går på same tidspunkt som Lerøykvaliken.
Begge kvalifiseringne kan følgjast digitalt og direkte på Firdaposten.no og LIVE- sendingane til Handball.no.
av Olav Hatlemark, leiar av SU
Legg igjen et svar
Want to join the discussion?Feel free to contribute!