Årsdebut i 3. divisjon
I dag har du sjansen til å sjå Florøherrene sin første 3. divisjonskamp sidan 2011 i Idrettssenteret. Det skjer i dag klokka 20:00 mot BSI. Og laurdag kjem Sotra på besøk til kampstart klokka 17:00.
Florø stiller med stort sett det same laget som i fjor underheldt Florø-publikumet med mange mål, stor fart og speleglede og ganske suverent vann 4. divsjon, i tillegg til prestasjonen med ein 8. plass i den landsdekkande Lerøyserien for 18-åringar – med dei same gutane.
No kan Florøgutane vente seg endå tøffare motstand.
– Gutane er i alle fall godt trente. Vi veit ikkje heilt kva vi møter. Vi trur at vi skal matsje dei, seier trenar Elisabeth Aven som har fått god hjelp i hallen dei siste to månadene av damenes islandske hovudtrenar Hákon Hermannsson Bridde.
Både BSI og Sotra plasserte seg midt på tabellen i fjorårets 3. divisjon på høvesvis 6. og 7. plass.
For Florø gjeld det ekstra å få ein god start. To av nøkkelspelarane frå i fjor, Jakob Aven og Viljar Ødelien, begge 19, vert berre med på nokre få kampar før dei reiser frå Florø, høvesvis til Bergen og Berlin.
Jonas Frøyen (18) er ute med ankelskade. Truleg ikkje så alvorleg. Skadefri vert han ein viktig spelar for resten av sesongen for Florø. (bilde: Lagbilde frå starten av 2017/2018 sesongen)
På bortebane vert det sesongstart for dei to 4. divisjonslaga til Florø i dameserien; Florø 1 og Florø 2 som begge møter Skavøypoll. I tillegg har Jenter 14 laget til Florø kamp i Gloppen.
Legg igjen et svar
Want to join the discussion?Feel free to contribute!