Møter sterk motstand

Runden 21-27.09
3. divisjon herrar: Florø – BI, fredag 20:15

Herrane er også denne helga først ut med fredagskamp i Florø idrettssenter i dag. BI (Bergen studentidrettslag) er eit nytt lag som skal vere veldig bra.
– Vi får brynt oss i dag. BI er eit av dei tøffaste laga vi møter. Det ser ut til å verte ein jamn 3. divisjon med mange gode lag. Det er mot slike vi vert betre, seier trenar Elisabeth Aven. Ho rapporterer om gode treningar og god hjelp av hovudtrenar Hákon Hermannsson Bridde. Men denne gongen må dei klare seg utan linjespelar – Viljar Ødelien som har flytta til Berlin for å lære tysk. Anders Strømmen og Joakim Espeseth kjem heim frå Ålesund. Jonas Frøyen har framleis vondt i ankelen. Han blir med på benken. Men det er tvilsamt om dei tek sjansen å sende han utpå.

Her må vi tru at Florø må hente ut sitt beste for å ta poenga. Florø kom bra ut sist helg, og leia med sju mål før BSI fekk opp dampen i første kamp. Helga enda med tap for BSI, men ein komfortabel siger over Sotra og dermed to poeng i debuten i 3. divisjon. (bilde: Time out i fjor, foto: Olav Hatlemark)

FIRE DAMEKAMPAR:

Begge damelaga til Florø har heimekampar denne helga, Florø 2 jamvel heile 3 kampar. Begge spelar mot Syril laurdag, høvesvis klokka 12:30 og 15:15. Syril er venta som eitt av dei betre laga i divisjonen. For Florø 1 vil likevel alt anna enn ein klar siger likevel vere ein nedtur etter storsigeren over Skavøypoll 42-12 i årets første kamp og klare ambisjonar om opprykk. Florø 2 skal møte både Syril og Sogndal 1 og Sogndal 2. Dei to siste går i Sogndal 11:00 og 14:20 søndag. Der kan vi og få eit mål på kor gode Sogndal er. Sogndal er i utgangspunktet sett på som Florøs største rival opp opprykket til 3. divisjon.

Laurdagen har også 16 årslaget til Florø heimekamp mot Gloppen klokka 14:00.
Jenter 13 og jenter 14 har bortekampar mot høvesvis Stryn og Aurland.
I tillegg spelar Florø United gullrunde med ikkje mindre enn fire kampar i Skavøyoll

ANDRE SØNDAGSKAMPAR
G 14 har kamp mot Bremanger i FIS søndag, mot Bremanger 11:50. Florø gutar 16 spelar heime mot Gloppen (13:00) , Florø 2 klokka 15:50.

Olav Hatlemark, SU-leiar

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *