av Olav Hatlemark, SU-leiar
14-åringane
Her ligg Gloppen 2 best an. Med to kampar att har Florø ingen sjanse til å vinne serien. Men Florø er allereie kvalifisert til Regionsfinalen. Florø slåss framleis med Gloppen 1 om 2. plassen i Sogn og Fjordane serien. Men sidan ein klubb berre kan sende eitt lag til regionsfinalen har Flora sikra sluttspel-plassen. Her møte dei to beste laga frå Hordaland dei to beste frå Sogn og Fjordane i Framohallen i Bergen 6. april.
Florø kom skeiv ut og tapte dei to første kampane i serien. Sidan har det gått betre og betre og har seinare vunne ni av ti mulege kampar.
SPENNING HEILT INN
Avgjerande siste for J16
Med to poengs leiing på Førde har Florø i utgangspunktet kontrollen før seriefinalen tysdag 2. april mot Førde i 16-årsserien. Men enkelt vert det ikkje. Her ligg det an til spenning heilt inn. Dette vert også ein avgjerande kamp om kva to lag som skal representere Sogn og Fjordane i regionsfinalen i Bergen 4. mai. For også Gloppen blandar seg inn.
Målforskjellen kan til slutt komme til å avgjere.
Marginalt
For klubben, laget og trenarane Ole B og Birte er regionsfinale eitt av årets store mål. Her får vi måle oss mot dei beste.
Førde ligg to poeng bak Florø, men har likevel eitt måls betre målforskjell etter siste runde.
Og skulle Førde vinne på heimebana kjem dei og ut med 2-1 i interne oppgjer. Det kan avgjere. Så langt har både Florø og Førde ein siger kvar i interne oppgjer som plar vege mest når to lag endar opp med like mange poeng.
Joker
Men også Gloppen har gode sjansar, og kan også ende med 18 poeng etter sesongens dobbelrunde mot Florø 2 i Florø søndag. Men her kan kanskje jokeren Florø 2, som i realiteten er eit reint 15-årslag overraske og hjelpe Florø 1?
Gloppen er i utgangspunktet bra stor favoritt. Til overmål har Gloppen taket på Førde med 2-1 i eige favør i internoppgjera dei i mellom. Medan Florø 1 har vunne to og tapt ein kamp mot Gloppen, og såleis har overtaket her.
Forvirra? Dette er komplisert. Mykje matematikk og regeltolking. Florø1 gjer det lettast for både seg og oss med å ta siste stikket i Førde.
Foto: Olav Hatlemark