av Olav Hatlemark, SU-leiar
Søndag er sesongens siste heimekamp for Florø-herrane når dei møter Os i Florø idrettssenter klokka 16:30.
Gutane vil heilt sikkert gje litt ekstra for trenar Elisabeth Aven. Ho leier nemleg sin siste kamp på heimebane for gutane sine. No gir ho seg som herretrenar.
1. april tek Hákon Hermannsson Bridde over det formelle ansvaret som herresjef. Dette var også Elisabeths ønske.
Elisabeth har berre venner i Florø SK handball. At ho no skal leie sin siste kamp med herrane er ein ekstra grunn for alle handballvennar i Florø til å komme på kampen.
Mange av spelarane på dagens herrelag er gutar ho har følgt og utvikla heilt frå minialder til sterke prestasjonar i dei landsdekkande Bring og Lerøy-serieane (16 år og 18 år), og til stamme i herre laget som i fjor rykte opp til 3. divisjon.
Heilt slutt med herrehandball vert det ikkje for Elisabeth. Ho vert også med i sesongavslutninga og «divisjonsfinalen» med bankett for alle 3. divisjonlaga frå SF og Hordaland i Bergen neste helg. Elisabeth har og lovd å hjelpe Hakon på benken ein og annan gongen om det skulle knipe på. Dessutan vil ho assistere søstera Kari Aase og Tore Strømsøy som hjelpetrenar for 15-årslaget til niesa Marie.
Foto: Olav Hatlemark