Florø SK Handball inviterer til 4 dager handballskule veka før skulestart;  12. august – 15. august, for inntil 125 deltakere fra 6 til 12 år.

Alle som vil lære seg å spela handball eller som vil utvikle sine handballferdigheter er velkommen å melde seg på. Det er 4 dagar blanda med leik og læring av teknikk. Unge handballspelarar og vaksne trenare har ansvaret for instruksjonen.


Målgruppa:

Målgruppa er både jenter og gutter frå 6 til 12 år, øvd og uøvd, med fokus mot barn med innvandrarbakgrunn og funksjonsnedsetting.


Måltid:
Gruppene i Florø idrettssenter får servert enkel lunsj med brødmat og pålegg samt vatn, saft eller Smoothie-drikke til måltidene. Deltakarne vil ete gruppevis. I tillegg vil det bli servert frukt i innlagte pauser for å sikre nok næring og energi. Gruppene i Florøhallen får servert frukt.


Tid, tidspunkt og sted:

Veke 33, fra måndag 12. august til og med fredag 15. august fra kl 09:00 hver dag.

  • For gutar og jenter født 2014 – 2018, frammøte Florø idrettssenter, 09:00 – 14:00
  • For gutar og jenter født 2012 – 2013, frammøte Florøhallen, 09:00 – 14:00

Avgift:
Kr. 750,- per barn

Søskenmoderasjon:
Kr. 500,- per barn ut over det første (Barna må vere påmeldt samla.)

Betalast før 7. august 2024 via din bank til: 3775.20.15946,  Florø sportsklubb Handball
eller med vipps til: 96030
Hugs å skrive namnet til deltakaren på innbetalinga.


Instruktørar, ledare og andre vaksne:
Instruktørane er 14 – 20 år gamle handballspelare med aktivitetslederkurs, vaksne ledere med trenarutdannelse samt andre vaksne i støtte og administrasjon.


Tilpassa aktivitet:
Vi vil ha ulike aktiviteter som for dei yngste vil innehalde balleik, sosial aktivitet, skytetrening, handballspill m.m.. De eldste får eit meir spissa opplegg mot handball med fokus på teknikk, fart, skudd og handballspel

Tilrettelegging:

  • Barn og unge med funksjonsnedsetting/utviklingshemming vil bli inndelt i egne grupper.
  • Barn og unge med synshemming, bevegelseshemming og hørselshemming vil, så langt det er
    mogeleg, inngå i grupper på samme alder med normalt funksjonsnivå. Samtidig vil det vere høve for å gi disse eit eget tilbud.
  • Barn som har spesiell tilrettelegging i form av personleg assistent, må ha med følge. Dette vil ikke bli håndtert av arrangør.


Fotografering

Vi fotograferer aktivitetane på handballskulen der bileta blir brukt i forbindelse med rekruttering og informasjonsopplegg på klubbens heimeside og offisielle FB-sider.  (Se også egen rubrikk ifm. påmelding.)

PÅMELDING TIL HANDBALLSKULEN SOMMAR 2024 ER STENGT.

NY PÅMELDINGSFRIST!
Påmeldingsfrist: onsdag 7. august kl. 12:00

Spørsmål:
Spørsmål rettast til info@florohandball.no  eller på telefon til:

·        Morten Mortensen: 916 30 671
·        Ann-Kristin Førde: 905 29 116

Vær vennlig og meld på før oppstart, då dette vil lette registrering ved oppstart.

De som har lyst til å fortsette med handball, er hjarteleg velkomne til det. Klikk på aktuellt årskull i oversikta over laga våre for informasjon om treningstider og kontaktperson.

Gratis handballskule:
Denne handballskulen er i regi av vår visjon «Handball for alle i Kinn» og er gratis for barn med innvandrarbakgrunn og barn med økonomiske utfordringar.

Påmelding helst via lenkja ovan eller med same informasjon som i påmeldingsskjemaet til:

 

Morten Mortensen, leiar for Florø SK Handball