Matservering
All mat for overnattande gjester vert servert i foajé og tilhøyrande rom på Flora vidaregåande skule (FVG). Vi ber om at lagleiarar ser til at spelarane rydder etter seg til alle måltid.
Kveldsmat fredag: 19:00 – 22:00, Brødmat
Frukost laur/sun: 07:00 – 09:30, Brødmat
Middag laurdag: 15:00 – 17:00, Tacobuffet
Lunsj sundag: 12:00 – 14:00, Lunsj, varmrett
Om ein på grunn av kampoppsettet ikkje rekk måltid innanfor gitte tider, gje melding til kjøkkenet på VGS, så skal vi forsøke å tilpasse oss.
Mat utanom desse tidene kan ein kjøpe i Kiosk på Florø idrettssenter. Dei sel blant anna pastasalat, pommefrites, pølse med brød etc.
For dei som meldt tilbake om allergiar, har vi alternativ.