Hjertestarterkurs for trenarar
FSK handballgruppa søkte i fjor om hjertestarter frå Ida Eides minnefond. På den tida var det ikkje hjertestarter i idrettssenteret. Vi var ikkje blant dei heldige i fjor, så vi søkte igjen i mars i år. Denne gongen vart vi plukka ut, og i dag var det hjertestarterkurs med HLR for trenarar og styremedlemmer i handballgruppa.
I tida som har gått, så har idrettssenteret hengt opp eigen hjertestarter, så i dag er det to. Med dei 15 stk. som var på opplæring i dag, så har vi auka tryggleiken betraktelig det siste året – også får vi håpe at dette er kunnskap vi aldri får bruk for!
Monica Bøhmer, styremedlem i Florø SK Handball