Innlegg

,

Besøk idag av stortingsrepresentant Erna Solberg

I dag fekk J15 visa stortingsrepresentant og høgreleiar Erna Solberg og stortingsrepresentant Olve Grotle, korleis man spelar beachhandball. Bengt Solheim-Olsen var vert og Weronika Kinn Breidvik, trenar for J12 og J15, fortalte om integreringa i laga ho trenar.

Der er 8 stk av 32 jenter på J12 og 7 stk av 28 jenter på J15 som er innflyttarar frå andra land.  Weronika fortalte at når borna er små, så kan det vere ein utfordring med språket men når dei blir eldre så blir det enklare å kommunisere. Handballen er ein veldig god måte å integrere folk på. Det er ein naturleg måte for foreldra å bli med å hjelpe til med dugnad på arrangement m.a., og borna får lettere kontakt med jamaldrande som har same interesser som dei sjølv.

Florø SK Handball har arbeidd ein stor del med integrering og for å få fleire innflyttarar med i handballen.

Det blei mange selfies tatt ved besøket, til jentenes glede.

Det var veldig hyggeleg å få Erna og  Olve på besøk. Vi takker for besøket og vi ynskjer dei velkommen igjen ein annan gong.

Cecilia Molander, drakt- og mediaansvarleg for Florø SK Handball
Foto: Cecilia Molander.
Bileta er beskytta av loven om opphavsrett.