Innlegg

,

Lærer å styre det mentale /



– Mental trening i handball handlar mykje om fokus  og om korleis vi flyttar fokus på bana, forklarer trenaren til fleire av laga i Ullern si store ungdomsgruppe. Sjølv har Florøs einaste eliteseriespelar i handball pausa eige spel, og i staden satsa på utdanning og som trenar. No har han vore i Florø og hatt workshop med trenarane i Florø SK Handball.

Å styre fokus og halde konsentrasjonen er viktig i handball. For spelarane er det lett å verte forstyrra av mykje; som tilrop frå medspelarar, dommaravgjersler eller lydar få publikum. Då gjeld det å halde fokus og stenge ute det som uroar. Å halde fokus og flytte den bevisst kan trenast på.
Aller mest tel det mentale når konsekvensane er størst. Det er noko heilt anna å kaste eit egg mellom to spelarar som her…
enn å kaste ein ball som her.

Mental trening er blitt meir og meir sentralt i mange idrettar.
Runar Helland Åmot, var Florøs første eliteseriespelar i handball. Han spelar ikkje sjølv lenger. No er det trenaroppgåver for unge spelarar i Oslo-klubben Ullern som gjeld. Og handballinteressa hans er framleis så djup at han nettopp har avslutta ein master i “mental trening” i handball.
Denne veka har Runar vore i idrettssenteret og demonstrert nye øvingar og meir medviten trening innanfor området mental trening.
Alle 14- og 15-åringane til Florø SK Handball fekk sjansen til å lære. Til dette heldt Runar ei arbeidsøkt for trenarane i klubben. Også elevane ved idrettslinja til Florø VGS fekk grundig innføring i øvingsbanken til Runar på området.

Olav Hatlemark, leiar for SU, Florø SK Handball