Vi ynskjer deg hjarteleg velkommen til klubben vår: Florø SK Handball.

«SK» står for «sportsklubb» og der er vi ei av 3 undergrupper. Dei andre er: Florø fotball og FSK Svømming.

Det fyrste du gjer, for å bli medlem, er å ta kontakt med den som trenar din årsklasse. Du ser alle årsklassane til høgre på den her sida.
Du er velkommen å kome og sjå på ein trening, viss du vil, og «prøvetrene» eit par gongar før du bestemmer deg.

Når du blir medlem i Florø SK Handball så blir du medlem i Florø Sportsklubb, m.a.o. du har tilgong til (er medlem i) alle 3 undergruppene. Kontingenten betalast til Florø Sportsklubb.
Du må òg betala treningsavgift til den undergruppa du vil trena med.
Er du med i handballgruppa, får du alltså tilsendt 2 stk fakturaer: 1 med kontingent som kjem og betalast 1 gong per år og 1 faktura for treningsavgift som kjem og betalast 2 gonger per år: 1 gong på hausten og 1 gong på våren. Meir info finn du på sida «Treningsavgift og kontingent».

Vi er på SoMe: Instagram og Facebook, og her på websiden finn du det meste du trengjer å vite når du blir medlem.
Du  kan og sende ein mail til: info@florohandball.no  viss du har spørsmål du ikkje finn svaret på her.

Her er nokre viktige sider som foreldra og føresette må lese, der du kan få svar på enkelte spørsmål:
Klubb- og laginfo
Medlemsskap
Treningsavgift og kontingent
Informasjon til foreldra og andre frivillige

Vi ser fram imot å få sjå deg på trening! 😃