Kampar 3. – 4. februar
Velkommen til kamphelg i Florø Idrettssenter.
Laurdag er det interne kampar mellom J11 sine lag og J15, begge laga, møter Førde.
Vi har og våre herrer som møter Åsane 2 på laurdag. Florø ligg på 1. plass og Åsane 2 på 6.
Sundag får våre G11 besøk av mange lag. Våre herrer spelar og ein kamp sundag. Då møter dei Bjarg IL som ligg på 7. plass i tabellen.
Sjå kven som blir banens beste i Florø og NHHI. Vi lodder ut ørret til publikum. Ørreten er levert av Svanøy havbruk, Skaar Norway og Svanøy Røykeri.
Kom og støtt alle våre lag. Vi har open kiosk der vi serverer kaffi, frukt og andre godsaker.
Dagbillett: kr 50,- for vaksne, 19 år og eldre, på alle kampar med lag frå 14 år og oppover. Alle under 19 år går gratis. Billetten gjeld heile dagen.
Gratis entré for alle på kampar med lag 13 år og yngre.
Med atterhald om eventuelle endringar i tidsskjemaet.