Olav har ordet…

KOM OG HJELP DAMENE!

17:00 3. Div. damer: Florø – NHHI

Florø spelar i ettermiddag nøkkelkamp mot NHHI, og må helst vinne for å komme seg frå botnplassen og ha håp om å redde plassen i 3. Divisjon. Heldigvis er kaptein og veteran Camilla Dybevik Steinhovden tilbake på plass. Ho var med og avgjorde siste gong dei to laga møtest. Då tok ho tak i sluttminutta og laga dei tre siste og avgjerande måla til Florø. Og nettopp erfaring og evne til å dra dei unge lag-venninnene med seg kan verte viktig i kampen mot Handelshøgskulestudentane.
Florø gjekk på eit trist tap mot Stryn sist laurdag. Men mange av same jentene heva seg stort og slo tilbake i dobbelkamp i Bergen i dagen etter, i 16 årsserien.
Den store uvissa er tilstanden til kneet til lag-maskinen Amanda Holmen Eriksen. Amanda har laga nesten halvparten av måla til Florø, heile 24 av dei frå 7 meteren og har med sin store innsatsvilje drege dei andre med seg. Årets andre komet Stine Madsen, har vore sjuk og er også usikker. Ho storspelte, skaut frå alle posisjonar og laga ikkje mindre enn 11 mål i ein av kampane i Bergen sist helg . Heller ikkje den andre veteranen til Florø, Synnøve Domben kan vere med. Trenar Hilmar har derfor henta opp Charlotte Breidvik og Emilie Verhage frå 2. laget som vil gje høgde og styrke til Florø. Begge har vore sentrale på 2. laget. Det vert eit av kampens spenningsmoment å sjå korleis dei tek nivået. Gjer dei det, kan dei viktige for Florø inn mot sluttrundane.

 

Andre kampar i idrettssenteret laurdag:
J 12:
12:00: Florø – Sandane
14:00: Florø 2 – Sandane
Begge Florø-laga har plassert seg høgt i si avdeling, og har Sandane som ein av dei største konkurrentane i kampen om å komme til sluttspelet i Sogn og Fjordane meisterskapet: Fire lag, to frå kvar avdeling skal kjempe om tittelen i finalerunden i Førde i april.

 

J 13:
13:00: Florø – Høyang
15:00: Florø 2 – Høyang
Florøs to lag toppar divisjonen ganske klart. Florø 1 har 24 poeng på 13 kampar medan Florø 2 ligg med 20 poeng på 11 kampar, begge med berre eitt tap før dagens runde. Men Høyang ligg på 3. plass på tabellen og kan vere den store utfordraren.

 

På BORTEBANE:
4. div. herrar:
15:45 laurdag: Bønes – Florø
12:00 søndag: Årstad – Florø
Florøs herrar i 4. divisjon spelar to kampar i Bergen denne helga, mot Bønes laurdag og mot Årstad søndag. Florø ligg på topp og opprykksplass saman med Gneist. Begge med 16 poeng der Gneist har spelt ein kamp meir. Florø skil seg også ut med divisjonens klart beste målforskjell og bør normalt vinne begge kampar og sikre posisjonen som opprykkskandidat. Men Bønes i desperat naud for å unngå nedrykk og Årstad som eitt av beste laga i divisjonen, kan begge overraske.

4. divisjon damer:
13:00: Gloppen – Florø 2
17:00: Eid – Florø2

Begge laurdag. Kampane mot Eid på heimebane med eit særdeles engasjert heimepublikum i ryggen er ofte vanskelege. Så spørs det korleis Florø klarer seg utan to av krumtappane, Charlotte Breidvik og Emilie Verhage som begge er henta opp til 3.divisjonstroppen. Florø ligg på 4. plass på tabellen og kjempar mest med Høyang om 3. plassen. Både Eid på 10. og Gloppen2 på 8. plass, burde normalt borge for Florø-sigrar.

Gutar 14:
13:00: Vikane – Florø
16:00: Eid/Haugen – Florø.
Gutane til Bjørn Wefring har fire poeng på tre kampar og er på 3. plass på tabellen framleis med i kampen om å komme til sluttspelet. Eid/Haugen på 2. Plass har like mange poeng, men litt betre målforskjell. Dette kan verte ein avgjerande kamp for begge laga. Vikane er normalt enkel match for Florø.
Men vi skal aldri seie aldri.

Av Olav Hatlemark, Sportsleg leiar

 
0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *