På samling i Bergen med utviklingsgruppe 2

Stian og Sander har denne helga vore i Bergen for å delta på samling med Utviklingsgruppe 2, dømme den Regionale Bylagsturneringa og nokre regionskampar i J17-20.

«Vi har hatt ei veldig kjekk og lærerik helg, dømt mange kampar på høgt nivå og fått mange nye erfaringar. Vi starta helga med faglig innhold på fredag. Vi er med i ei gruppe på rundt 25 dommarar i noko som heiter Utviklingsgruppe 2, og vi samlast ca en gang i månaden. Ine Solheim-Olsen er også med i denne gruppa. Her deler vi erfaringar, diskuterer situasjonar vi sjølv har vore bort i og lærer mykje nytt av våre gruppeleiarar Emilie og Jørgen Nystad Wold.

Laurdag dømte vi kampar i Bylagsturneringa i Sotra Arena. Der hadde vi våre gruppeleiarar som observatørar der vi får tilbakemeldingar på kva vi kan forbetre oss på. Christoffer Fjeldskår kom også innom hallen for å sjå oss dømme. Han og Tim Nicolai Fjeldvang, som til vanlig dømmer Rema1000-ligaen, er våre mentorar som følger oss opp. Dette er eit tiltak vi har gjort på eget initiativ for egen utvikling, som ikkje er i regi av Region Vest.

Søndag dømte vi eit par J17-20 kampar i regionsserien. Der blei vi utfordra meir på fart, bevegelse og posisjonering som dommarar, ettersom tempoet økte veldig frå det vi ofte er vandt med.

Vi har hatt ei strålande helg, og ser allereie fram til neste gong vi skal til Bergen igjen!»

Sander Vike & Stian Vike, dommarar og spelarar for Florø SK Handball