,

Sesongopning for 3.divisjon mot NHHI på heimebane /

Laurdag 16. september var det duka for første kamp i 3. divisjon for det unge damelaget vårt. På besøk frå Bergen kom NHHI.

Arrangementet starta med innmarsj der florøjentene hadde fått med seg 9-årslaget i klubben som maskotar. Stor stas for både ungar å foreldre å representere klubben framfor ei nesten full tribune.

Etter innmarsj hadde vi eit minutts stillheit for å minnast 3 ungdommar som omkom i ei tragisk trafikkulukke her i Florø kvelden i forvegen. I vesle Florø set ei slik hending kjenslene i sving hos alle, og det var viktig med ei verdig markeringa i omtanke.

Då det erfarne dommarparet Torstein Egil Kvam og Geir Helge Giil blåste i gang kampen var det to tente lag på bana, og vi noterte første scoring til NHHI allereie etter 30 sekund. Florøjentene ville ikkje vere dårlegare, og i kampens 46. sekund sette Ane Kroppan Knapstad sitt første mål i nettet.

Heile første omgang var jamn og spennande med mange mål til begge lag. Etter halvspelt omgang gjekk Florø opp i leiing; 10-9, og av Florø sine jenter hadde allereie 6 stykk skrive seg på scoringslista.

Etter at Florø hadde leia med eit par mål i siste halvdel av omgangen, gjorde NHHI ei opphenting dei siste fire minutta. Med tre mål på like mange minutt gjekk NHHI til pause i leiinga 16-15.

Pausen gjorde florøjentene godt, og litt ut i 2. omgang hadde dei teke ei fin leiing. Det sto no 20-17 på måltavla. Publikum med flagg, trommer, musikk og rop heia jentene fram gjennom kampen, og sjølv om NHHI fleire gonger henta inn forspranget slapp Florø dei aldri opp på sida eller forbi. Florø vann til slutt den spennande kampen 31-29.

Dei unge florøjentene spelte ein jamn kamp og viste mange gode kvalitetar. Vingspelarane fekk mykje gode ballar, fekk vist fram sine kvalitetar og scora mykje mål. I forsvar viste laget god energi og sjølvkjensle.

Banens beste på NHHI blei strekspelar Stine Eide, og for Florø backspelar Ine Hovland Orre.

Takk til NHHI for en kjekk kamp!

Takk til publikum i alle aldrar som held koken på tribuna og heier fram laget! Takk til maskotar, speaker Bengt Solheim-Olsen, våre faste sponsorar og Jobbpartner som stilte med premiar til banens beste.

 

Eli Kristin Pedersen, lagkontakt damelaget Florø 1.

Foto: Cecilia Molander
(Bileta er beskytta av loven om opphavsrett.)