Nye nettsider for Florø sportsklubb
Vi har i desse dagane lansert nye nettsider for Florø Sportsklubb, Florø SK Symjing, Florø SK Fotball og Florø SK Handball.
Nettsidene er framleis under utvikling, med «buggar» og andre barnesjukdomar som ofte følgjer med nye nettsider, men vi håpar å kunne gå heilt over til dei så snart som mogleg.
Nettsidene skal gjere det enklare å melde seg inn i klubben, og det skal òg bli enklare for gruppene å formidle informasjon. Alle lag og grupper skal ha si eiga gruppeside på nettsida. Vi kjem til å gå meir og meir bort frå Facebook som informasjonskanal.
Det vil kome meir informasjon etter kvart. Handballen si nettside skal vere «heilt klar» til 1. juli, og då skal alle lag og grupper ha si eiga gruppeside.
Her er lenkene til våre nye nettsider:
Cecilia Molander, media- og draktansvarleg for Florø SK Handball