Florø i alle finalar
av Olav Hatlemark
FLORØ I ALLE FINALAR
10. april kapra vi vår 3. serietittel denne sesongen. Florø2, vann fylkesserien med sigeren over Førde i siste seriekamp med 24-18 og passerte dermed Sogndal og Eid med eitt poeng i fylkesserien.
Dette er laget som vart sett saman frå troppene til 15-åringane og 16-åringane for å sikre flest alle eit godt kamptilbod. (Lagbilde av dei to årgangane som har hatt spelarar med på Florø 2). Dette er også laget som tapte poenga på ei protest frå Eid mot bruk av same målvakta i tre kampar på same dag med litt for lita kviletid imellom dei to siste kampane.
For Florø stoppar det ikkje her. Nokre få kampar før slutt er det klart at vi i får med heile seks lag til sluttspel og Fylkesfinalane på jentesida som går i Førde 28. og 29. april.
I ALLE FINALAR
Det skal spelast finalar om fylkesmeisterskap i jenteklassane 12 år, 13 år og 15 år. Medan fylkets to beste 14 årslag skal konkurrere med dei to beste laga frå Hordaland i regionsluttspelet. Også dette vil gå i Førde i slutten av april. Her er både 14-årsjentene til Florø 2 og Florø gutar 14, allereie allereie kvalifiserte.
TOK ALT I FJOR
I sesongen 2016/2017 tok vi full pott i same fylkesfinalane for jenter. Dette har truleg aldri skjedd før for noko lag her i fylket. Det fekk oss til å frykte at vi var i ferd med å verte litt for suverene her i fylket. Det same kan faktisk skje igjen i eit år der herrane og gutar 18 allereie har har vunne sine regionsserier, nokre av same gutane er med og gjer det knallsterkt i den landsdekkande Lerøyserien. Til dette har Florø 1 jenter 16 nettopp som einaste lag har slått leiande Kjøkkelvik i regionsserien med alle dei beste Bergenslaga. Florø vil sannsynlegvis vil ende på ein finfin 4. eller 5. plass til slutt etter dei to siste kampane som vert spelte i idrettssenteret til helga.
Legg igjen et svar
Want to join the discussion?Feel free to contribute!