Firdaposten handballskule 2018 – UTVIDA FRIST FOR PÅMELDING – 10.8.18

Måndag 13. august til fredag 17. august arrangerer Florø SK Handball Firdaposten handballskule for jenter og gutar 7 til 13 år (2005-2011).

Instruktørane er 14-18 år gamle handballspelarar med aktivitetsleiarkurs. Vår nye hovudtrenar, Hákon Hermannsson Bridde, vil ha hovudansvaret samen med andre vaksne.

Deltakarane delast inn i to grupper: jenter/gutar fødd i 2007-2011 og jenter/gutar fødd i  2005-2006.

Den yngste gruppa møter opp kl. 10.00  ved Florø idrettssenter. Deltakaravgifta er kr 900,- og inkluderer sunn lunsj med frukt og t-skjorte. Økta er slutt kl 15.00.

Den eldste gruppa møter opp kl 11.30 ved Florahallen.  Deltakaravgifta er kr 400,- og inkluderer lunsj fredagen. Økta er slutt kl 13.30.   Den eldste gruppa får aktivitetar med interne og eksterne trenarar. Det vil her vere større fokus på sportsleg utvikling.

 

AKTIVITETAR:

Sosialt samvær, balleik, skytetrening, handballspel m.m..

 

Påmeldingsskjema finn du her: PÅMELDINGSSKJEMA . Der fyller du og i om deltakaren har allergier, eller om det er noko anna du vil informere om vedrørende handballskulen og deltakaren.

Påmeldingsfrist er 10. august

Betalingsfrist er 10. august

Betaling til konto nummer 3775.20.15946 innan 10. august 2018 – merk betaling med barnets navn.

Det er eit tak på 150 deltakarar så påmeldingsskjemaet tas bort når vi har nått så mange.

VELKOMMEN!

 

 

2 replies
    • floro
      floro says:

      Hei,
      beklager at kontonummer har falt ut. Påmeldingsavgift betalast til konto nr. 3775.20.15946
      Merk betaling med barnets navn.

      Mvh
      Florø Sk Handball

      Svar

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.