Ny nøkkelkamp for damene
Foto: Olav Hatlemark
av Olav Hatlemark, leiar av Sportsleg utval
Trenaren har nervar
Eid laurdag kan verte ein skummel motstandar for det nesten opprykksklare damelaget til Florø.
– Eid er så langt det beste laget vi har møtt i serien. Eid har ein flink trenar og eit ungt lag som kjempar godt. Eg er faktisk endå meir nervøs no enn eg var då vi spelte mot Sogndal nyleg (nr 2. i serien), seier Florø-trenar Hákon (Hermannsson Bridde).
Eid ligg på 4. plass i serien med berre to tap på åtte spelte kampar mot Florøs ti. Kampane går i FIS Laurdag: Florø 1-Eid 14:30 og Florø 2- Eid16:30.
Florø 1 bør vinne fire av dei seks kampane som står att for å vere trygge på opprykket
Eid er likevel eit lag Florø bør takle.
Uvisse
Florø 1 slo Eid på bortebane sist med ni mål (19-26). Den store uvissa er at Florø denne gongen spelar utan Amanda som nyleg gjekk til Dale og Førde. Vågar andre å ta steget opp?
Både Stine (Madsen), Mathilde (Tonheim) og Selma (Førde) og Kristina Udberg har skora like mange eller fleire kampmål som Amanda i dei siste kampane dei har vore innpå. Og både Josefine (Eikevoll), Elise (Andersen) og Alida Sjåstad frå 2002 årgangen har to i seg til stå fram som sjefar på bana. Heldigvis har vi og ho mor, Camilla Dypevik Steinhovden, som med sitt positive sinnelag veit å styre kjenslene på bana.
Ho tek over som kaptein etter Amanda og deler ansvaret med Kristine Orheim.
Tiril i mål
Spennande vert det og å sjå Tiril Langedal tilbake i mål for førstelaget.
På ein god dag kan også Florø 2 yte Eid god motstand. Og både Kristine (Nekkøy – nummer 3 på toppscorarlista) og spelande trenar Weronika Breidvik er mellom dei mestscorande i divisjonen.
Borte:
3. divisjon: Florø-herrane i 3. divisjon møter to sterke studentlag i Bergen denne helga. Dei må opp nokre hakk for å slå studentlaga BSI laurdag og BI søndag om det skal verte poeng med heim til Florø. Men laget kan overraske. 9 og nest-siste-plassen til Florø i divisjonen er framleis over nedrykkstreken
Avgjerande
Denne helga kan også J 16 sitt besøk på Sandane søndag verte avgjerande. Her står det om å kvalifisere seg til regionsfinalen. Både Florø1 og Gloppen ligg i posisjon med 8 poeng. Her spørs det kor mykje nokre av jentene til Ole B og Birte vil kjenne damekampen frå dagen før i beina, eller om Hakon har sett seg råd til å spare dei litt. Dei to fremste laga i serien går vidare til regionsfinalen i Bergen.
Også Florø 2 skal utfordre Gloppen. Florø 2 ligg på ein 4. plass i 16-årsserien for SF før helgas kampar.
Andre heimekampar:
Laurdag spelar Florø 3 mot Florø 2 i 13 årsklassen (12:20). Laga ligg som nummer ein og to i sin avdeling og kan verte avgjerande for kven som går til fylkesfinalen av dei to.
Det tredje Florø-laget Florø 1 leier den andre avdelinga suverent. Så her har Kjell og co og Florø ein sterk årgang i utvikling.
Medan Bjørns gutar 16 får besøk av Haugen/Eid (16:00) søndag.
12-åringane:
Også Florø 2 i 12 årsklassen for jenter har heimekamp laurdag. Det er mot Dale som har eitt av dei sterkaste laga i divisjonen. Tor og Co sitt lag ligg føre kampen på 4. plass. Medan Dale ligg på 3. plass. Men begge har langt færre kampar enn laga over og har framleis sjanse til å avansere. Søndag får Florø og Florø 2 i den andre jenter 12 års-avdelinga besøk av Eid i FIS (13:00 og 15:00).
Begge Florøs gutar 12 års-lag reiser til Sandane og møter Sandane 1 og Sandane 2. Dette er to av seriens sterkaste lag. Men gutane til Dag og Line har hatt bra framgang.
15-åringane:
Med sigrar borte mot begge Gloppen-laga laurdag, kan Florø forsegle 2. plassen i 15 årsserien. Dale er suveren med 12 kampar utan tap og vil verte nesten uråd å nå att.
Stryn på tredjeplass ligg tre poeng bak Florø, medan laurdagens motstandarar Gloppen 1 og Gloppen 2 ligg på 4. og 5. plass. Men både Stryn og Florø har berre spelt åtte kampar, to færre enn Gloppen-laga. Kari og Tore har no og fått Elisabeth (Aven) med i trenarlaget i tillegg til at Hákon har ei økt. Det skulle hjelpe på
(Bilda: trenar Hákon som er inne på alle dei eldste laga og Florø 1-damene)
Legg igjen et svar
Want to join the discussion?Feel free to contribute!