Berlin 23. juni 2022
Noregs handballag i Special Olympics, ankom Berlin fredag den 17. juni. Laurdag til måndag hadde dei oppkøyring med trening og kampførebuing. Tysdag spela dei mot Wiesel. Jentene var tydleg spente for dei var litt forsiktige i starten før dei vart varme i trøya. Det vart ein spanande og jamn kamp som dei dro i land i siste minutt. Noreg vant 8-7.
Om kvelden var det familietreff i Zoo der familiene fekk tilbringe litt tid med spelarane, kose seg med god mat og drikke og rusle rundt og sjå på dyra. Deler av Zoo var open spesielt for Special Olympics.
I dag har det vore ein spennande dag. Først kamp mot Danmark – som vi visste kom til å bli tøff. Det vart den. Vi hadde eit visst overtak i starten, men så kom «dansketoget» og valsa litt over oss. Det enda med tap 9-5. Etter ein god lunch var spiriten tilbake og jentene gikk på med krum hals mot Turnados Girls. Motstanden var av litt anna kaliber enn Danmark, men ein veldig underhaldande og kjekk kamp. Ikkje minst fikk alle god drahjelp av speaker som også snakka engelsk. Danmark kom og heia på oss – det måtte dei vel gjere – som har vunne alle sine kamper :-).
Musikk og generelt superbra stemning. Noreg kuppa pauseinnslaget, dei (vertane) hadde no gjort dette mange gonger før – og Norge var i storform så dei dansa seg gjennom pausen. Noreg vant 15-5. Dommarane tok hensyn til ferdighetene til begge lag – og Noreg hadde ein oppvisning i Fair Play så tapande lag såg også ut for at dei hadde ein kjekk kamp.
I morgon er siste kamp og vi ligg an til å komme heim med metall i kofferten. Kva valør det blir gjenstår å sjå.
Bileta er frå begge kampane. Sjå filmen når Noreg «kuppa» pauseinnslaget
Foto: Jorunn Farsund
Tekst: Jorunn Farsund