Ein oppdatering frå Berlin
Mellom 19. juni og 24. juni arrangerast Special Olympics National Games 2022 i Berlin. 3 flinke handballspelarar frå Florø og Skavøypoll: Maria Krogh, Florø og Thea Maria Korsvold, Skavøypoll, er teke ut og Sigrun Falkevik Øye, Skavøypoll, er reserve.
Her er ei lita oppdatering frå Jorunn Farsund, som er mor til Maria Krogh. Sjå filmen frå opningsseremonien lengre ned på sida.
Berlin 19. juni
Tilbake på hotellet etter å ha vore på åpningsseremoni. Starta dårlig for vår del sidan eg hadde tatt feil av plassen. Vi tok tog 49 min til Olympiastadion, men det var ikkje der vi skulle vere. Vi nådde til rett plass med et nødskrik. Då hadde dei bestemt at det kun skulle vere ein representant per lag som skulle marsjere inn.
Eg har prøvd å filme litt, men stor avstand og dårlig vinkel er ikkje så bra. Forøvrig var 98% av tale på tysk, så vi klappa når andre gjorde det, og veit ikkje kva festtale dei heldt. Vel,vel…
Maria syntest det var kjekt. Dei er kledd i kvitt og sit på venstre sida av scena – ganske langt framme. Heilt kvite capser. Det var litt kult når dei kom med flagget og flammen.
Jorunn Farsund, Florø SK Handball
Lenkje til SPECIAL OLYMPICS NATIONAL GAMES 2022