Innlegg

,

Berlin 24. juni 2022

Litt treg start på siste kampen og veldig jevnt fram til pause. Etter pausen la Norge inn racergearet og dro ifrå. Seieren 15-5 var vel fortent. Kjekk medaljeseremoni. Med engelsk speaker. Vi fikk litt klump i halsen og tåre i augekroken nokon kvar.

Dette laget har hatt ei samling i forkant av turneringa. Kva kunne dei ikkje utretta om dei hadde fått litt meir trening i lag i forkant. Så vidt vi forstår så er Norge påmeldt 2023. Kortid uttak blir er ukjent, men vi har tru på at oppkøyring for neste år blir litt annleis enn i år. Heia Noreg!!!!

Tekst og bilete: Jorunn Farsund
Bilete fyrverkeri: Maria Krogh

Florø SK Handball gratulerer SO Noreg så mykje med sølvmedaljen. Utruleg bra jobba! Stolt og kry!

,

Ein oppdatering frå Berlin

Mellom 19. juni og 24. juni arrangerast Special Olympics National Games 2022 i Berlin. 3 flinke handballspelarar frå Florø og Skavøypoll: Maria Krogh, Florø og Thea Maria Korsvold, Skavøypoll, er teke ut og Sigrun Falkevik Øye, Skavøypoll, er reserve.

Her er ei lita oppdatering frå Jorunn Farsund, som er mor til Maria Krogh. Sjå filmen frå opningsseremonien lengre ned på sida.

Berlin 19. juni

Tilbake på hotellet etter å ha vore på åpningsseremoni.  Starta dårlig for vår del sidan eg hadde tatt feil av plassen. Vi tok tog 49 min til Olympiastadion, men det var ikkje der vi skulle vere. Vi nådde til rett plass med et nødskrik. Då hadde dei bestemt at det kun skulle vere ein representant per lag som skulle marsjere inn.

Eg har prøvd å filme litt, men stor avstand og dårlig vinkel er ikkje så bra. Forøvrig var 98% av tale på tysk, så vi klappa når andre gjorde det, og veit ikkje kva festtale dei heldt. Vel,vel…

Maria syntest det var kjekt. Dei er kledd i kvitt og sit på venstre sida av scena – ganske langt framme. Heilt kvite capser. Det var litt kult når dei kom med flagget og flammen.

Jorunn Farsund, Florø SK Handball

Lenkje til SPECIAL OLYMPICS NATIONAL GAMES 2022

Troppen til Special Olympics Pre-Games 2022

Foto: Svein Andre Svendsen/NHF

Norges Håndballforbund er invitert til å delta i Special Olympics Pre-Games i Berlin i juni.

Vi gratulerer vår Maria Krogh som er blitt teke ut i landslagstroppen som skal til Berlin i juni.
Vi gratulerer og Thea Maria Korsvold, Skavøypoll, og er teke ut og Sigrun Falkevik Øye, Skavøypoll, som er reserve.

Veldig bra jobba, jenter! 👏👏👏 Lykke til og kos dokke!
Stolt og kry!

Les meir HER: TROPPEN TIL SPECIAL OLYMPICS PRE-GAMES

Nokre bilete med Maria «in action».

Her er ein intervju med jentene etter turneringa i TH-serien i februar, før dei for på samlinga i Drammen. Intervjuar: Morten Hagen, trenar for Skavøypoll IL