Junior-NM J20 3. runde

Toppklubb til idrettssenteret:
Florø- Gjerpen i 3. runde i juniorcupen.
Florø Jenter 20 får besøk av Gjerpen i 3. runde i junior-cupen førstkomande onsdag klokka
18:00.

Gjerpen kjem frå Skien og er ein av dei mest tradisjonsrike klubbane i norsk damehandball.
Klubben har vunne NM-gull for damer heile fem gonger, og har hatt kjende norske
landslagsspelarar som Hanne Hegh, Mia Hundvin, Heidi Løke og Anja Hedin i stallen.

1.laget til Gjerpen spelar i dag i 1. divisjon, men har også eit lag og 2. divisjon. Så Florø får
prøve seg mot ein av dei beste norske klubbane, også på juniorsida.
Har du eit ønske om å sjå levande topphandball i Florø idrettssenter får du ein fin sjanse til
på onsdag.

Olav Hatlemark, SU-leiar Florø SK Handball

Kampen kan du sjå her: JUNIOR-NM J20