,

Reisebrev frå Florø United på treningsleir i Barcelona: Brev 2

Ei veke på tur er snart omme. Vi avslutter med regnvêr for å forberede oss på det vi kan ha i vente når vi ankjem Bergen laurdag formiddag.

I løpet av veka har vi har hatt gode treningsøkter med kjekke opplegg frå Ruth-Sølvi, Charlotte og Ine. Som restitusjon har vi brukt basseng og strandområde til pleieng av ømme muskler. Eit anna godt supplement har vore kvelds-underholdninga på hotellet. Ettermiddagen starte med bl.a. kortspel, yatzy og 3 på rad. Etterkvart rykka det i dansefoten når hhv «Jackson five» og ein trubadur med hockeysveis baud opp til dans. Då var det ingen av oss som kunne sitte stille.

Utflukt til Tossa de Mar var og eit høgdepunkt. Der fikk vi sett oss om i gamlebyen, noken av oss prøvde fiske-spa, og andre fikk gjort unna litt shopping. Torsdag hadde vi utflukt til Barcelona. Guiden vår, Anne-Lise, leda an på ein rundtur til fots rundt La Sagrada Familia. Fin tur som var både lærerik og interessant. Kortid denne kirka skal bli ferdigstilt er eit ope spørsmål. Antagelig får ikkje noken av oss oppleve det sidan eit anslag av tidsperspektiv er 2082. Då er det våre etterkommarar som får sjå det endelig resultatet – om der finst penger til å sluttføre det, og om det blir einighet om arealspørsmål.

Bussen køyrde oss ei runde så vi fikk sjå både nasjonal-palass og Olympia-arenaene frå sommar-OL i 1992. Eit raskt burger-måltid seinere var vi klar for å dra til Palau Blaugrane for å sjå EHF kamp mellom Barca og RK Celje Pivovarna Lasko. Barca dro i frå i starten, men dabba av litt undervegs. Ei god stund var det uavgjort, Celje fikk overtaket, og vi begynte å lure på løpet var køyrt. Men, siste halvdel av andre omgang dro Barca i gang maskineriet. Celje vart parkert og det enda med 38-29 til heimelaget. Ein spennande og til tider nervepirrande kamp, og eit veldig engasjert publikum – spesielt dei tilreisande frå Florø.

Dette har vore ei oppleving for oss alle. Nye bekjentskap er gjort, og vennskap har blitt knytta. Takk for turen til alle utøvarane, Ruth-Sølvi og Charlotte som hadde hovedregien, assistentane som bidro til at alle var godt ivaretekne gjennom opphaldet og ikkje minst takk til sponsorane som gjorde til at denne turen vart til. I tillegg til fleire privatpersoner har desse aktørane støtta turen vår:

BortheimDekkservice

Florø Sanitet

iVest Consult AS

Local Host AS

Mesta

Origod AS

Skaar Norway AS

Sparebanken Sogn og Fjordane

Sparebanken Vest

Steinvik Fiskefarm

Svanøy Røykeri

Westcon Yards Florø AS

Indre Østfold Resiebyrå

Tusen takk for støtta.

Bilder litt hulter til bulter, men slik er det 😊

Jorunn Farsund, oppmann Florø United