Innlegg

Florølaga i helga…

av Olav Hatlemark

Snart klare mot Skavøypoll
Skavøypoll bør verte enkle kampar for begge våre dame 4. divisjonslag i idrettssenteret i dag. (11:00 og 13:20.) Florø1 tronar suverent på tabelltoppen utan poengtap, 24 poeng på 12 kampar og ein målforskjell på 375-171. Skavøypoll ligg nest-sist med berre to poeng.

Klatrar?
Florø2 har gjort unna dei fleste av dei vanskelege kampane og er klar for klatring oppover frå 5. plass etter 5 sigrar ein uavgjort og fem tap i 4. divisjon og 12 poeng.
For Florø-laga vert dette først og frems god trening. Utfordringa for Florø1 framover kan verte å halde oppe kvaliteten og trykket etter at kampane mot dei beste laga i divisjonen Eid og Sogndal er over. Fem kampar står att av serien før dagens kampar. Jentene våre kan heller ikkje slappe av mot Skavøypoll. (bilde: Florø 2)

Målkamp?
Største spenninga framover kan fort verte kampen om toppscorartittelen etter at Amanda gjekk til Førde. Selma Førde har gjort store sprang siste kampane og ligg på ein pen 5. plass med 54 mål (Amanda avslutta med 75), Kristina (Udberg) har 47 (snitt 4,3) 10. plass og Mathilde (Tonheim) ligg på ein pen 16 plass i 4. divisjon med 36 mål.
Men her kivar dei med målfarlege Florø 2 damer. Kristine (Nekkøy) er på ein fin 3. plass med 63 mål og trenar Weronika på 5.plass med 48 mål.

18 årsserien
For Florø1 sitt unge lag vert det i 18 års seriane i SF og Hordaland at jentene kan få største utfordringa framover. Her spelar dei allereie søndag mot samansette Sogndal/Syril i SF serien søndag.(15:00).

J 15
Berre J 15 spelar elles kamp i idrettssenteret i dag (kl 14:40) mo Aurland. Jentene til Kari og co ligg på ein komfortabel 2. plass. Her vil dei nok ende også. Aurland på 6. plass kan nok yte Florø-jentene motstand. Men Fylkesmeisterskapet er nok allereie avgjort av Dale som berre har to kampar att å spele og ennå ikkje har gitt bort poeng.

Turneringar og J/G 10
10-åringane har stor turneringshelg. Gutane til Florø spelar i dag laurdag, turnering i Høyangerhallen; mot Dale, Førde, Høyang og Gaular. Florø stiller fire lag.
Søndag skal 4 jentelag frå Florø 10 i gang i Trivselshagen på Sandane mot Gaular, Eid, Breimsbygda, Sandane, Dale og Stryn.
I tillegg ska Florø United til Fosnavåg for å spele kampar i Gullserien søndag

G 16
Forutan J 18 kampen i idrettssenteret er det søndag dobbelkamp for Florø2 heime mot Gloppen 2 i idrettssenteret.(11:00 og 13:40.)

Kampar 2. og 3. februar 2019

Lørdag 02.02.19
11:00 4.divisjon Kvinner 02 61820202060 Florø idrettssenter Florø Skavøypoll
13:20 4.divisjon Kvinner 02 61820202109 Florø idrettssenter Florø 2 Skavøypoll
14:40 Jenter 15, A05 SF 61241505002 Florø idrettssenter Florø Aurland
Søndag 03.02.19
11:00 Gutter 16, A02 SF 6123162003 Florø idrettssenter Florø 2 Gloppen 2
13:40 Gutter 16, A02 SF 6123162063 Florø idrettssenter Florø 2 Gloppen 2
15:00 Jenter 18 Elite – SF 6124182038 Florø idrettssenter Florø Sportsklubb Sogndal/Syril

I helga har vi 2 damekampar, J15, G16 og J18.

Våra damer Florø 1 fortsett sin veg opp mot 3. divisjon.

SERIETABELL

På seniorkampane – damer og herrer, i respektive øvste divisjon – blir det utlodding av røykt ørret frå Svanøy Røykeri As  – eit godt bidrag til kveldskosen!

Kortreist, førsteklasses ørret frå Svanøy Havbruk AS, Skaar Norway AS og Svanøy Røykeri AS

Kom og fyll tribuna med folk og gje din støtte til våre lag!

Kampen Florø 1 – Skavøypoll vises på handballtv.com men handball er best live!

Billettpris: (damekampar, J18 og G16-kamp)

Vaksne, frå 19 år     kr 60,-

18 år og yngre         Gratis

Betaling for billettane kan vippses før kampen til nr: 133871 (Florø SK Handball – billetter) Vis kvitteringen ved inngang.

Open kiosk med kaffi og annet sunt og godt.

Velkommen!

Handballkampar på HandballTV

 

 

No finn du følgjande kampar i Arkiv på HandballTV:

13.01.2019   4. divisjon Kvinner Florø 1 – Sogndal 1, Florø Idrettssenter

12.01.2019   3. divisjonen Menn  Florø – Åsane, Florø Idrettssenter

 

Viss du  vil sjå kampar frå 2018, søk i Arkiv (forstørrelsesglasset i høgre hjørne) etter Florø Sportsklubb.

 

 

Kjempar om opprykk.

av Olav Hatlemark, SU-leiar

Kjempar om opprykk:
ÅRETS VIKTIGASTE FOR DAMENE

Laurdag og søndag spelar Florø damene årets to viktigaste kampar. Då står slaget om 1. plass i 4. divisjon og direkte opprykk til 3. divisjon, som er årets store mål for Florø-damene.

Begge damelaga
Begge damelaga til Florø møter Sogndal til to dobbelkampar. Først i Sogndal laurdag, så retur i Florø idrettssenter søndag. Der vil jentene trenge ekstra god frå tribunene.
Både Florø 1 og Sogndal har gått gjennom alle seriekampane så langt utan tap. Begge har lagar mange mål og har store sigrar. Og begge har ambisjonar om opprykk. Sogndal leier med 18 poeng etter åtte kampar, mot Florøs 16 poeng etter sju.

Kristine og Linda

-Vi har trena veldig bra. No roar vil litt ned på treningane for at jentene skal finne overskot, seier trenar Hákon. Florø 1 supplerer troppen med målvakt Linda Pedersen og Kristine Nekkøy (24) frå andrelaget.

Toppscorar
Linda har Ho viste klart kapasiteten sin på høgare nivå dei to åra Florø sist spelte i 3,. divisjon. Kristine er tilbake i heimbyen etter politistudiar, og har vist scoringsform på 2-laget. Med venstreslegga og styrken sin kan ho fort verte ein nøkkelspelar mot Sogndal. Det same gjeld for Amanda Holmen Eriksen. Amanda er klart på scoringstoppen i 4. divisjon, med 60 mål på sju kampar etter ein snitt på 8,6 mål per kamp.
Men Kristine har komme for fullt med 2 laget. Ho ligg no på tredjeplass på scoring-statistikken i 4. divisjon. For Florø 1 vert det og bra å ha Camilla Steinhovden Dypevik på plass. Med erfaring og humør er ho ein viktig stabilisator i det elles så unge Florø-laget.

Full buss
-Vi køyrer til Sogndal laurdag med full buss, fortel trenar Hákon. Det vil seie 16 spelarar.
Dagen etter, søndag, vert det så returkamp i Florø idrettssenter.

Ny sjanse
Skulle det likevel ikkje gå vegen for Florø1 i denne dobbelrunden vil ikkje alle opprykk-sjansar vere over. 3. divisjon vert nemleg utvida med to lag frå ti lag no til tolv lag i neste sesong. Det opnar for ekstra kvalifisering mellom nummer to i 4. divisjon i Sogn og Fjordane – og nummer tre frå 4. div i Hordaland.

Sjå og artikkel i Firdaposten: I HELGA GÅR DEI FOR OPPRYKK

(bilda; Toppscorar Amanda, Kristine og målvakt Linda.  Dei to siste er på lån frå Florø 2)

Olav Hatlemark sitt bilete.     Amanda Holmen Eriksen
Olav Hatlemark sitt bilete.  Kristine Nekkøy
Olav Hatlemark sitt bilete.   Linda Pedersen
Alla foto: Olav Hatlemark

Kampar 12. og 13. januar 2019

Lørdag 12.01.19
12:10 Gutter 12, A03 SF 61231203049 Florø idrettssenter Florø Førde
14:10 Gutter 12, A03 SF 61231203041 Florø idrettssenter Florø 2 Førde
15:40 3.divisjon Menn 61830101072 Florø idrettssenter Florø Åsane
Søndag 13.01.19
11:30 4.divisjon Kvinner 02 61820202058 Florø idrettssenter Florø 2 Sogndal
12:50 Jenter 15, A05 SF 61241505109 Florø idrettssenter Florø Syril/Sogndal
14:10 4.divisjon Kvinner 02 61820202074 Florø idrettssenter Florø Sogndal
15:30 Jenter 13, A05 SF 61241305062 Florø idrettssenter Florø Stryn
17:40 Jenter 13, A05 SF 61241305014 Florø idrettssenter Florø Stryn 2

  Laurdag  spelar G12  og så har vi ein herrekamp i divisjon 3. Florø ligg nest sist i tabellen og må jobbe seg oppover for ikkje rykkje ned til neste sesong. Kom og heia dei fram til siger! Kampen vises på Handball TV.

SERIETABELL FOR 3. DIV HERRER

 

Sundag spelar J13, J15 og våre damer, begge laga. Det er viktige kampar for Florø 1. Det er slaget om 1. plass i 4. divisjon og direkte opprykk til 3. divisjon, som er årets store mål for Florø-damene. Kom og sjå flott handball og støtt dei i den viktige kampen. Kampen vises på HandballTV.

SERIETABELL FOR 4. DIV DAMER

 

På seniorkampane – damer og herrer – blir det utlodding av røykt ørret, 3 stk, frå Svanøy Røykeri As , Svanøy Havbruk AS og Skaar Norway AS – eit godt bidrag til helgekosen!

Kortreist, førsteklasses ørret frå Svanøy Havbruk AS, Skaar Norway AS og Svanøy Røykeri AS

Billettpris: (3.div herrer og 4. div damer)

Vaksne, frå 19 år     kr 60,-

18 år og yngre         Gratis

Betaling for billettane kan vippses før kampen til nr: 133871 (Florø SK Handball – billetter) Vis kvitteringen ved inngang.

Open kiosk med kaffi og annet sunt og godt.

Velkommen!

Kampar 28. november 2018

Onsdag 28.11.18
17:00 Jenter 12, A05 SF 61241205015 Florø idrettssenter Florø 2 Gaular
20:30 4.divisjon Kvinner 02 61820202024 Florø idrettssenter Florø 2 Førde 2

 

Vi har 2 kampar onsdag denne veka.

J12 møter Gaular kl 17:00 og våre damer i Florø 2 møter Førde 2 kl 20:30

På seniorkampane – damer og herrer, i respektive øvste divisjon – blir det utlodding av røykt ørret frå Svanøy Røykeri As  – eit godt bidrag til kveldskosen!

Kortreist, førsteklasses ørret frå Svanøy Havbruk AS, Skaar Norway AS og Svanøy Røykeri AS

Kom og fyll tribuna med folk og gje din støtte til våre lag!

Billettpris: (damekampen)

Vaksne, frå 19 år     kr 60,-

18 år og yngre         Gratis

Betaling for billettane kan vippses før kampen til nr: 133871 (Florø SK Handball – billetter) Vis kvitteringen ved inngang.

Open kiosk med kaffi og annet sunt og godt.

Velkommen!

Kampar 24. og 25. november 2018

Lørdag 24.11.18
11:00 Gutter 12, A03 SF 61231203020 Florø idrettssenter Florø Florø 2
13:30 Jenter 12, A05 SF 61241205004 Florø idrettssenter Florø 2 Vik
Søndag 25.11.18
10:30 Jenter 10, A3 SF 610403029 Florø idrettssenter Florø Dale
11:15 Jenter 10, A3 SF 610403030 Florø idrettssenter Florø 2 Førde
12:00 Jenter 10, A3 SF 610403031 Florø idrettssenter Gaular Dale
12:45 Jenter 10, A3 SF 610403032 Florø idrettssenter Florø Førde
13:30 Jenter 10, A3 SF 610403034 Florø idrettssenter Florø 3 Dale 2
14:15 Jenter 10, A3 SF 610403036 Florø idrettssenter Førde 2 Florø 4
15:00 Jenter 10, A3 SF 610403033 Florø idrettssenter Florø 2 Gaular
15:45 Jenter 10, A3 SF 610403038 Florø idrettssenter Florø 3 Florø 4
16:30 Jenter 10, A3 SF 610403135 Florø idrettssenter Førde 2 Dale 2
18:00 Jenter 13, A05 SF 61241305071 Florø idrettssenter Florø Dale

I helga har J10, J12, J13 og G12 kampar. Kom, sjå og heia på våre unge, lovende.

Gratis entré.

Open kiosk med kaffi og annet sunt og godt.

Velkommen!

Kampar 20. og 21. november 2018

Tirsdag 20.11.18
19:00 Jenter 16, A04 SF 6124164030 Florø idrettssenter Florø 2 Florø
Onsdag 21.11.18
19:00 5.divisjon Menn 61830301046 Florø idrettssenter Florø 2 Førde

Tysdag spelar J16 ein internkamp.

Onsdag har våre herrer i 5. divisjon kamp mot Førde. Florø er fortsatt ubesigra i 3 av 3 kampar og klatrar sakte men sikkert oppover tabellen. Skal vi få ein 4. siger?  Kom og heia dei fram!

SERIETABELL 5. DIVISJON

Billettpris:

Vaksne, frå 19 år     kr 60,-

18 år og yngre         Gratis

Betaling for billettane kan vippses før kampen til nr: 133871 (Florø SK Handball – billetter) Vis kvitteringen ved inngang.

Open kiosk med kaffi og annet sunt og godt.

Velkommen!

Kampar 17. og 18. november 2018

Lørdag 17.11.18
12:30 Jenter 12, A05 SF 61241205088 Florø idrettssenter Florø 2 Syril
13:30 Jenter 13, B05 SF 61241306028 Florø idrettssenter Florø 2 Florø 3
16:00 5.divisjon Menn 61830301064 Florø idrettssenter Florø 2 Åsane 3
Søndag 18.11.18
10:50 Jenter 13, A05 SF 61241305089 Florø idrettssenter Florø Gaular
11:55 Jenter 15, A05 SF 61241505024 Florø idrettssenter Florø Gloppen
13:10 Jenter 13, A05 SF 61241305080 Florø idrettssenter Florø Høyang
14:10 Jenter 15, A05 SF 61241505072 Florø idrettssenter Florø Gloppen 2
15:20 Jenter 14, A5 SF 61241455030 Florø idrettssenter Florø Vik
17:40 Jenter 14, A5 SF 61241455008 Florø idrettssenter Florø Dale

Laurdag  spelar J12, J13 og så har vi ein herrekamp i divisjon 5. Åsane 3 vann over Viking TIF 3 i forrige kampen, med 4 mål og Florø vann over Viking TIF 3 med 7 mål sist. Florø har 2 spela og vunne 2 kampar. Kan vi heia fram dei til ein 3. siger?

SERIETABELL FOR 5. DIV HERRER

Sundag spelar J13, J14 og J15. Jentekampane er gratis. Kom og heia på dei! 😃

Billettpris: (5.div herrer)

Vaksne, frå 19 år     kr 60,-

18 år og yngre         Gratis

Betaling for billettane kan vippses før kampen til nr: 133871 (Florø SK Handball – billetter) Vis kvitteringen ved inngang.

Open kiosk med kaffi og annet sunt og godt.

Velkommen!

Florø slog Gloppen, møter Førde i 2. runde

Onsdagskveld møtte Florø Gloppen i 1. runde av Handball NM for damer, og det gjekk som ein dans. Florø vann med 30-15
Florødamene var trygge og sikre i spelet sitt, og trenar Hákon Hermannsson Bridde fekk en flott start på kampane sine her i Florø.
Dei har trent godt. Det såg vi.

No ventar Førde i 2. runde som spelast 27. august kl 19:00 i Florø idrettssenter, ettersom Florø er det lågast rangerte laget. Det vert ein kamp mellom 1. og 4. divisjon men etter storsigeren til Florø over 3. divisjonslaget til Gloppen kan mykje skje.  Berre det å få møte førstedivisjonslaget vert ei fin utfordring for dei unge Florø-spelarane.

Det blir eit kjekt gjensyn med trenar Hilmar Guðlaugsson som gjorde ein så god jobb med Florøs damer i fjor.  Og så vert det eit islandsk oppgjer på benkene, Florøs gamle trenar mot Florøs nye…

GOD KAMP!