Kjempar om opprykk.

av Olav Hatlemark, SU-leiar

Kjempar om opprykk:
ÅRETS VIKTIGASTE FOR DAMENE

Laurdag og søndag spelar Florø damene årets to viktigaste kampar. Då står slaget om 1. plass i 4. divisjon og direkte opprykk til 3. divisjon, som er årets store mål for Florø-damene.

Begge damelaga
Begge damelaga til Florø møter Sogndal til to dobbelkampar. Først i Sogndal laurdag, så retur i Florø idrettssenter søndag. Der vil jentene trenge ekstra god frå tribunene.
Både Florø 1 og Sogndal har gått gjennom alle seriekampane så langt utan tap. Begge har lagar mange mål og har store sigrar. Og begge har ambisjonar om opprykk. Sogndal leier med 18 poeng etter åtte kampar, mot Florøs 16 poeng etter sju.

Kristine og Linda

-Vi har trena veldig bra. No roar vil litt ned på treningane for at jentene skal finne overskot, seier trenar Hákon. Florø 1 supplerer troppen med målvakt Linda Pedersen og Kristine Nekkøy (24) frå andrelaget.

Toppscorar
Linda har Ho viste klart kapasiteten sin på høgare nivå dei to åra Florø sist spelte i 3,. divisjon. Kristine er tilbake i heimbyen etter politistudiar, og har vist scoringsform på 2-laget. Med venstreslegga og styrken sin kan ho fort verte ein nøkkelspelar mot Sogndal. Det same gjeld for Amanda Holmen Eriksen. Amanda er klart på scoringstoppen i 4. divisjon, med 60 mål på sju kampar etter ein snitt på 8,6 mål per kamp.
Men Kristine har komme for fullt med 2 laget. Ho ligg no på tredjeplass på scoring-statistikken i 4. divisjon. For Florø 1 vert det og bra å ha Camilla Steinhovden Dypevik på plass. Med erfaring og humør er ho ein viktig stabilisator i det elles så unge Florø-laget.

Full buss
-Vi køyrer til Sogndal laurdag med full buss, fortel trenar Hákon. Det vil seie 16 spelarar.
Dagen etter, søndag, vert det så returkamp i Florø idrettssenter.

Ny sjanse
Skulle det likevel ikkje gå vegen for Florø1 i denne dobbelrunden vil ikkje alle opprykk-sjansar vere over. 3. divisjon vert nemleg utvida med to lag frå ti lag no til tolv lag i neste sesong. Det opnar for ekstra kvalifisering mellom nummer to i 4. divisjon i Sogn og Fjordane – og nummer tre frå 4. div i Hordaland.

Sjå og artikkel i Firdaposten: I HELGA GÅR DEI FOR OPPRYKK

(bilda; Toppscorar Amanda, Kristine og målvakt Linda.  Dei to siste er på lån frå Florø 2)

Olav Hatlemark sitt bilete.     Amanda Holmen Eriksen
Olav Hatlemark sitt bilete.  Kristine Nekkøy
Olav Hatlemark sitt bilete.   Linda Pedersen
Alla foto: Olav Hatlemark
0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *